søndag 3. februar 2013

Nye produkt - kupp og kupongar

Eg lærte noko nytt her om dagen.  På frukost-TV fekk ein vite at det kjem nye produkt tre gonger i året, og ein av dei er 1. februar.  På nyheitene sa dei at prisane ville gå opp 1. februar.
 Vil ein merke dette i butikken? Det første eg sår, var at fruktdisken var omkalfatra.  Der var og kome minst eitt nytt produkt. Ved sida av låg månadens brød.

Tran i brød?
Brødet vart med heim saman med yndlingspålegget til ein i familien. Marint omega 3 - kan det vere noko anna enn tran? Eg les sjølvsagt også det som står på baksida av posen. Her står mykje om kvifor kroppen treng omega 3.  200 g, altså litt over 1/4 brød, dekkjer dagsbehovet. Omega 3 i brødet kjem frå torskelever.

Brødet smakar ikkje noko av tran det eg kan merke.  Men eg synest det er litt for salt. Brødet er likevel eit godt alternativ til andre brød i butikken.
Det er visst opplese og vedteke at born ikkje liker frø.  Eg minner likevel om at linfrø og valnøtter inneheld vegetabilsk omega 3.  Hugs berre å legge linfrøa i vatn eller bruke knuste.
Det mest normale er å få i seg omega 3 gjennom å ete feit fisk til middag ein gong i veka.  Makrell i tomat og anna fiskepålegg er bra.
Eit lite hjartesukk til slutt: Det er vel og bra med nye produkt, men gløym ikkje dei nye.  Eg for bygda rundt etter byggryn før jul.  Til slutt fann eg ein pakke på botnprisbutikken.

Og prisane?  Eg merka ikkje store endringar, berre at havregyna hadde kome i kilospakkar til dobbel pris av 750 g.


3 kommentarer:

  1. Skulle vel ha hamstra før 1.februar. Akk ja!
    Fått kupongar alt du, ikkje verst.
    Syns idéen med brød attpå handelen av eit pålegg er flott. Men dei andre dealane denne mnd likte eg ikkje. Må dei blande inn brus?

    Ha flott FRI Kviledag og Helligdag der du er;-)

    SvarSlett
  2. Eg har sett at der er eit system i dealane - noko for einkvar alder? Dei må vel trekke til seg ungdomar. For familiar som treg tre pizzaer, vert det ikkje billeg heller.
    Eg vert nesten glad når eg ikkje liker dealane - då minkar det i frysaren!

    SvarSlett
  3. Interessant og lærerikt innlegg! Eg driv og tømer skap og frysarar for tida - utruleg kva ein samlar saman! Ofte er det like kjapt og enkelt å lage mat frå grunnen av, men det krev meir tankeverksemd når ein handlar. Eg har størst tru på å handle for nokre dagar om gongen, og så ete det ein har kjøpt.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...