mandag 11. februar 2013

Specially for you?

Nokre gonger i året kjem det hefte med gode tilbod og rabattkupongar.  Eg synest det har vore litt merkeleg at det er innherredsosten som alltid er billeg.  Eg har vel røpa før at sidan han kom på markedet, har eg ete innherredsost på skulematen min kvar einaste dag, kanskje med unnatak av då eg var gravid og fekk dilla på roastbiff med sylteagurk.

På butikken før helga såg eg ein kar som leitte etter heilt andre tilbod enn eg hadde fått.  Laurdag trefte eg på ein kollega.  Ho gjekk rundt med sine kupongar, og det var ikkje innherredsost på hennar, men magerost på tube, slik ho likar på skulematen.  Då eg kom heim, fann eg fram kupongane eg ikkje hadde brukt.  OK, det kan vel hende eg har hamstra både svisker (5,40 i desember), kveitemjøl og kjøtdeig (januarkupp).  Det er også kjekt å få tilbod på varer ein bruker mykje av.  Men er det greitt at dei registrerer alt vi kjøper og lagar profilar på oss?

Då eg melde meg inn i coop, spurde eg nettopp om dette.  Er det sluttsummen som vert registrert,eller vert det registrert kva varer vi kjøper? Dei forsikra meg om at det berre var sluttsummen. På andre butikkar bruker eg trumfkort.  Det same gjeld kanskje der?

5 kommentarer:

  1. Storebror ser deg ;-)
    Nå ja, veit ikkje om eg vart så redd!
    Men eg fekk tilbod på ting som eg brukar eg også.
    Og viss dei skal gi tilbod så er det no litt kjekt få tilbod på ting ein har nytte av?

    Fin kveld!

    SvarSlett
  2. Kanskje eg er som geitekillingen, han med : Han teller oss! Det er ikkje så farleg?

    SvarSlett
  3. Fekk tilbod på ostepop....
    Brukar aldri å kjøpe det....

    SvarSlett
  4. Ikkje eg heller, men fekk ikkje tilbod likevel. Eg fekk gratis makrell i tomat medan venninna mi fekk gratis pølser ;-)

    SvarSlett
  5. Fikk tilbud på laks og oppvasketabl.
    Noe eg bruker mye, men eg handler ikke
    så mye slike varer på coop.
    Derfor kan det ikke ha noen sammenheng
    med at en blir "overvåket" Men hvem vet.
    De har jo mulighet for det, og så få opp
    en "topp ti liste" på oss. Hehe
    Ønsker deg en flott dag :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...