tirsdag 31. juli 2012

Tredje siger

 I dag starta vi med ein tur til Valle Hovin der jentene spelte.  Dei vann 3-2.
Eg har vore på Akershus festning før.  Det som gjorde sterkast inntrykk då, var å sjå kistene der dei kongelege vert "gravlagde".
Andre kongar er murte inn i murane.  Ein var redde for gravskjending(eit bokmålsord eg ikkje finn noko betre nynorskord for).
Store salar.
Eg tenkte eg måtte ta med nokre interiørbilde til interiørbloggarane ...

... og eit antrekk til motebloggarane.

mandag 30. juli 2012

Måndag er ikkje museumsdag

 I går gjekk vi rundt i Hamar sentrum og såg oss rundt.  Der er ange fine parkar med statuer og blomstrar.  I dag fann vi ut at vi kunne ta oss ein tur til Domkirkeodden før vi for til hovudstaden.
 Museet var stengt, men ein kunne gå rundt og sjå seg rundt.  Det var visst dagen for vindauspuss.
 Nokre hadde tatt med seg kjølebagar med mat og sett seg ned ved borda der.
 Vi berre gjekk runt og såg på husa.  Eg kan godt tenke meg å vere der i opningstida ein annan gong.  Urtehagen er sikkert verdt eit besøk.
Dette bildet tok Øystein med mobilen.  Eg fekk lagt det direkte ut på facebook. 
På Ekebergsletta låg jentene under 0-1mot Råde, men vann 4-1, ein spennande kamp med andre ord.

lørdag 28. juli 2012

Korterma genser

Sist eg la ut bilde av eit liknande plagg, kalla eg det vest.  Då fekk eg fleire protestar.

Frå nynorskordlista:

genser
genser m1 (eng. guernsey (shirt) '(trøye frå) øya Guernsey') heil, strikka trøye (med ermar) ha g- utanpå skjorta

Før eg strikka denne, spurde eg frøkna om denne var lik den førre.  Begge oppskriftene fann eg nemleg på Drops design.  Ho meinte dei var ulike.  Eg veit i alle fall at genseren kjem til å bli brukt til hausten.

Garnet er Hverdags.  Eg må då strikke eit par storleikar større enn eg vanlegvis bruker.

fredag 27. juli 2012

Gull!

 I dag samla vi næraste slekta og feia foreldra mine sitt gullbryllaup her på Hareid.
 Eg fann ein pakke serviettar og nokre gullys i samlinga mi.

 Det er kjekt å berre gå ut i hagen og velje blomstrar i dei fargar ein ønskjer.  Eg valde ein liten vase.  Høge bukettar vert ofte i vegen.

På menyen stod det rømmegraut og spekemat.  Etter dette vart det ikkje dessert, men kaffi og sjokolade.  At sjokoladepapiret matcha, var heilt tilfeldig!
 Veret har ikkje vore så verst i dag.  Ein kunne sitte ute om ein ønska det.
 Gullbrudeparet.
Jentene insisterte på å ta bilde av gullbrudeparet ved kakebordet.


torsdag 26. juli 2012

Surdeig igjen

Ein dag for vel ei veke sidan tenkte eg at viss eg laga ein surdeig, kunne eg vere sikker på at sola kom fram slik at det vart lite freistane å bake. Noko må ein gjere for å lokke sola fram?

Eg følgde oppskrifta i Schakenda si bakebok.  Etter to dagar bobla det.  Det som skal kastast, som det står i oppskrifta, puttar eg i ein brøddeig eller i brødbakemaskina.  
Etter ei veke er surdeigen ferdig.  1 dl vatn og 1 !/2 dl mjøl og 50 g surdeig vert til 3/4 dl surdeig.
I går bakte eg brød  som eg heva med surdeig utan gjær.  Dei heva fint og vart ikkje sure!  Eg synest det er artig å arbeide med deigar.  Det vert ei form for kjemi.
I dag tok eg resten av surdeigen og laga desse fruktbrøda.  No er det ikkje ei tørka frukt eller ei nøtt att i huset som er datostempla i 2012!

Eg veit at mange av blogglesarane har Schakenda sine bakebøker.  No er dei forresten til halv pris på ark.no.  Sist hadde eg ein surdeigskultur eit halv år.  No skal eg ta ein pause og heller ta det att når det vert mørkare ute.  Litt rot er det med det også.

onsdag 25. juli 2012

Seks til bords

I dag kom gutane att frå Bergen der dei har vore på to konsertar - etter den eine i Oslo.

Det har vore laga lite mat medan dei har vore vekke, eller i alle fall små porsjonar.  I dag laga eg blomkålsuppe og steikte nakkekotelettar.  Det trur eg ikkje dei hadde ete på turen.

Drikkeglasa på bildet fekk eg av ei venninne til fødselsdagen min.  Eg fann fram ein vase og eit par lysestakar i same farge.  Dei fekk eg til 40-årsdagen min.

Mobilblogging

Eg fekk eit spørsmål om eg kunne forklare dette med mobilblogging sidan eg har fått det til. Eg skal prøve å lage ei lita rettleiing.

1. Få ein femtenåring til å hjelpe deg.
Dette punktet er halvveis ein fleip.  Men desse fjortisane, dei manøvrerar seg lett fram på desse smarttelefonane.  For meg er det eit "nytt språk" å lære.

På min telefon går ein inn på Play Butikk.  Appstore kan det også kallast, seier ho.
 Då er det berre å søke ...
 ... blogspot.
 Her ser de at Blogger kjem opp.
 Her må ein trykke på nokre accept og installer...
 ... og opne. Ei e-postadresse kjem opp ein stad på vegen.
Slik såg skjermen ut i går då eg laga innlegget mitt i går.  Desse teikna kjenner alle som har blogg med blogspot!  Lykke til!
P.S. No har eg lasta ned Google oversetter også.

tirsdag 24. juli 2012

Gjest i hagen

Ei årleg nyheit er kjæledyr som vert avliva eller kasta ut i ferien. Frøkna her har som vanleg mange i pensjon i juli.
P.S.
Øver på mobilbloggig.


Bok 36: Frels oss fra det onde

Kvinner vert spretta opp og drepne på bestialsk vis.  Eg skal ikkje gå i detaljar, men dette er ikkje noko for sarte sjeler.

Både offera og den kvinnelege detektiven, Parisa Sadegh, driv med nettdating. Eitt tema som er interessant i seg sjølv.

Dette er ein krimroman der gåta vert løyst av politietterforskarar. Romanen er spennande og lettlesen. Opplesaren i lydbokutgåva les svært godt, etter mi meining.  Eg ser VG har gitt den terningkast 3. Den hadde kanskje fått 4 av meg.

Elles vil eg seie at dette er ein krimroman der ein lurer på korleis det går med privatlivet til detektivane framover.

mandag 23. juli 2012

Museum

 Eg har ikkje vore på Sunnmøre museum sidan eg gjekk på lærarskulen.  Vi oppsøker gjerne museum når vi er ute og reiser, men gløymer at vi har eit berre ein ferjetur unna.
 For dei som er interesserte i båtar og båtkultur, er dette eit eldorado.  Eg hadde sansen for desse merkelappane med namn på ting - mange framandord for meg.
 Vikingskip.  Kopi av Kvalsundskipet.
 Ein buss fekk og vere med.
 Borgund fri- og fattigskule frå 1740. Fattige born skulle få konfirmasjonsundervisning.
 Overalt finn ein plakatar med informasjon.  Eg bruker å fortografere dei.  Det vert ofte mykje informasjon på ein gong.  No kan eg ta det att.
 Mi spesialinteresse er som kjent komfyrar og kokemetodar.
 Eg meiner dette er ein omn med kokeplater, eit såkalla kokeskap.
Det er artig å få kome inn i kjøken ...
 ... og stover.
 Vi rusla rundt og såg oss om. Viss ein er med på guida tur får ein kanskje kome inn i fleire hus?
Det siste vi fekk med oss, var ei utstilling med tema "Fargar".  I svart/kvitt-avdelinga var der mellom anna utstilt ein svart og ein kvit brudekjole.  Eg meiner at mi mormor hadde svart brudekjole medan farmor hadde kvit.  Det var på 30-talet.

Sunnmøre museum er absolutt eit besøk verdt.  Der er noko for folk med ulike interesser.  Prisen er overkomeleg: 160 kroner for ein familiebillett.

søndag 22. juli 2012

22. juli 2012

 I dag er det eitt år sidan 22. juli 2011.  Dagen har brent seg inn i historia.  Eg har sett ein del av markeringa både i Domkirka og på Utøya på TV. Konserten i kveld skal vi få med oss.

Eitt år etter kan vi tillate oss å seie ting som ikkje kunne seiast før.  Eg merka med to liner i Mikael Wiehe sin song på Utøya "En sång til modet".

Till dom som tror på kärleken
fast hatet är så starkt


Heile teksten finn du her.
Gutane i familien, dei tre myndige menn som eg kallar dei, reiser frå Oslo til Bergen i dag.  Deira ferie er tre Bruce Springsteenkonsertar.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...