Amalie Skram gav ut to såkalla sinnsykeromaner. Dette er den første av dei. Den fortel om "malerinnen" Else Kant som slit med søvnvanskar. Ho ønskjer å kunne både vere mor, hustru og malar. Dette vert for mykje for henne, og ho let seg frivillig legge inn på sjukehuset der Hieronimus er professor. Ho legg seg ut med han og vert sperra inne på lukka avdeling. Ho opplever maktmisbruk, og føler seg svikta av mannen.
Amalie Skram skriv ut i frå eigne erfaringar om eit tabubelagt emne. Dette viser at ho var ei modig dame. Romanane vekte også oppsikt i samtida. Sjølv om sjukehusa og personane har fått andre namn i bøkene, var dei lette å identifisere.
Ein kan lære mykje om dåtida gjennom Amalie Skram sine romanar, men dei er nok dessverre også aktuelle i dag, sjølv om helsevesenet har endra seg mykje. Ein ting er dei ytre rammene, noko anna korleis pasientane opplever dei. Kjem eg over På St. Jørgen, kjem eg til å lese den også.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar