onsdag 11. juli 2012

Fefferoni

 I Sveerige fekk vi friske slike Chililiknande frukter på omtrent alle pizzavariantane.  Eg kjøpte eit glas hermetiske på Sunnmøre Folkebutikk.  Friske er sjølvsagt betre, men desse smakte heller ikkje så verst på pizza.
I dag laga eg to variantar av pizza til middag, ein med tacorestar frå i går, og ein med pepperonipølse.  Bildet er tatt før eg krydra osten.

Tomatsaus lagar eg lett av hakka løk, ein boks tomatar som var renne av i ein sikt, salt og krydder. Ein slik saus treng ikkje koke.  Eg køyrer den berre i stavmiksaren.

1 kommentar:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...