mandag 16. juli 2012

Fougasse

I går kveld laga eg deigen til dette brødet.  Eg let brødbakemaskina kna han.

(4 brød)
10 g gjær
3 ms olivenolje
1 ts salt
1/2 dl durumkveite
7-8 dl kveitemjøl

Deigen fekk stå i kjøleskåpet over natta.
I dag tidleg delte eg deigen i fire emne og let dei kvile medan eg åt frukost.
Deretter forma eg brøda. Eg skal snitt i brøda med deigskrapa og utvida hola med fingrane.
Dei skulle inn i varm omn 250 grader, og steikast ved 230 grader i 10-12 minutt.

Ein annan gong vil eg bake emna ut i olivenolje i staden for mjøl, og så ha på litt havsalt.

Brøda vart servert til middagen: Sei i karri.

2 kommentarer:

  1. Det var noen spesielle brød. Sikkert enda bedre med olje og litt salt ja.
    God kveld til deg :)

    SvarSlett
  2. Eg bruker alltid å følgje oppskrifter slavisk første gongen, så gjer eg mine eigne "forbetringar" etter kvart. Fougasse er visst som focaccia at det finst mange variantar.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...