mandag 30. september 2013

Hönökakor

 Laurdag tok eg fram den svenske bakeboka mi for å prøve å lage typiske svenske hönökakor.  Slike har vi kjøpt.  Då har dei vore ca. 30 cm i diameter og delte i to.  Sjølv laga eg berre halv porsjon sidan eg skulle på basar.  Steikinga går raskt, så det var berre tull ... Anisen eg brukte var noko grovmalen frå Cemo.  

Til 10 brød (5 plater) Eg laga halv porsjon og 4.

50 g gjær
50 g smør
5 dl mjølk
2 ms (ss) lys sirup
2 ms støtt anis (Her brukte eg 2 ts malen.  Eg trur dei meiner 2 ms frø)
1 ts salt
ca 14 dl kveitemjøl.
1. Smuldr gjæren i bakebollen.
2. Smelt smøret og ha i mjølka. Varm til 37 grader.
3. Ha væska over gjæren.
4. Ha i resten av ingrediensane og lat maskina kna deigen ca. 10 minutt.
5. Lat deigen heve under plast eller lok ca. 1/2 time.
6. Kjevl ut kakene.  Ca 22 cm 1/2 cm tjukke.

Eg let mine heve 5 minutt før eg trykte dei litt større med hendene.
7. Hev ca. 25 minutt. (Set steikeomnen på 275 grader!)
8. Prikk kakene med gaffel (Det gløymde eg som de ser)og steik dei i ca. 5 minutt.
9. Avkjøl dei under ein handduk.

Familien likte godt baksten.  Dei var lette, mjuke og gode.  Ein annan gong kjem eg til å lage fleire og mindre kaker, slik der og er forslag om. Vi hadde omnsbakt sei til middag og smakte på desse til kaffien etterpå.

søndag 29. september 2013

Rettehelg



 I dag har eg drive heimeundervisning i tillegg til å ha fått retta unna eit par bunkar. Heimeundervisninga var andre del i leksjonen kjøtkaker.  Studenten greidde det sjølv i dag.  Han har kome fram til same konklusjon som eg gjorde då eg måtte lage min eigen mat: Vil eg ete god mat, må eg lære meg å lage det.

Så strauk eg ein duk og pynta med lyngen eg vann i går.  Heretter skal han pynte opp ute.
 I serviettsamlinga mi fann eg desse serviettane.  Eg trur eg kjøpte dei på Nille i fjor.
Før eg sette meg ned, gjekk eg ein tur rundt vatnet.  Markane er grøne medan skogen raudnar og gulnar.  Elles er det mange svarte får ute og går.

lørdag 28. september 2013

Basarlykke

 I dag var eg på den årlege basaren.
 Eg hadde vunne dei heller tradisjonelle gevinstane, og var fornøgd med det, før det var trekning på bøkene.  Eg hadde berre tatt lodd på den eine, ho med dukka i.  Det har eg gjort i mange år og fleipa med at eg alltid har ønska meg den. Eg sat i heilt andre tankar under trekninga og heldt omtrent på å dette av stolen då namnet mitt vart opplese.
 Så måtte eg altså bli 50 først.  Skal tru kven som skal leike med denne?
 Frøkna har ei brun Baby Born med mange fine sett som mor mi har strikka.
Det er ingen småjenter i slekta no, men det håper eg det vil kome ein dag.  Dette er ting som står seg.

fredag 27. september 2013

Ta ein Petrell

Dette har vorte eit nytt omgrep i familien.  Den hugsar vel fru Petrell i Emil.  Var det ikkje ho som var så glad i Almas mat og drikke?  Men då familien til Emil skulle besøke henne var det oppattvarma fiskepudding og blåbærsuppe frå i går.

Her held vi på å venje oss til å lage mindre mat. Men gamal vane er vond å vende.  I dag gjekk tacokjøtdeigen ,osten og litt av skjela frå i forgårs på pizzaen. Der var verken mais, paprika eller tomat att.  Men slikt kan ein sleppe å kaste.  Servere det til gjester gjer vi ikkje ...

torsdag 26. september 2013

Hot kvardagssuppe

 Inspirasjonen til dagens middag kom frå førre utgåva av regionsavisa.  Oppskrifta har eg sett ein annan stad også, men eg hugsar ikkje kvar. Eg laga sjølvsagt min eigen vri. I staden for svinekjøt steikte eg ein lyllingfilet til kvar.  No les eg at suppa er til to personar.  Det må vere ein glipp.  Denne mettar fire, vil eg tru, spesielt om ein serverer surmjølkslappar til dessert som eg gjorde.

NB! Sidan kikertene stod midt inne i suppeoppskrifta, kom eg ikkje på å ta av dei til garnityr, så dei vart med i suppa.  Kanskje like godt?

Ingrediensar:
1 boks kikerter til garnityr?
400 g svinekjøt eller kylling i strimlar
olje til steiking
salt og pepar

2 stk gulrot, i terningar
1 stk løk, hakka
2 ms olje
2 ms (BM:ss) raud karripasta
1 boks hermetiske tomatar
1 boks lett kokosmjølk
7 1/2 dl hønsbuljong ( terning og vatn - ev kraft)
salt og pepar

1. Surr grønsakene eit par minutt i olje.
2. Ha i karripastaen og fres eit par minutt til.
3. Ha i resten av ingrediensane og kok i 15 minutt.
4. Steik og krydr kjøtet.
5. Køyr suppa glatt med ein stavmiksar.

Server med godt brød til!


Vurdering
Suppa var god den.  Men sjølv er eg nok meir glad i mildare supper.  Ein kunne gjort som eg gjorde med søtpotetsuppa, ha i kvitløk og t.d. 1 ts timian.

Eg synest slike supper er ein fin måte å få i seg grønsaker på.  Eg veit at mange er skeptiske til lett kokosmjølk.  Eg synest det er greitt i nokre rettar.  Ein får hugse på at kokosfeittet er metta plantefeitt.

onsdag 25. september 2013

Folk finn vel fram ...

... men enkelte av oss kan vel få lyst å få fiksa skilta ...

tirsdag 24. september 2013

24. september

Det var heller mørkt på tysdagsturen i dag.  Underteikna hadde ikkje funne fram refleksvesten.  Men det er på tide.  Eg knipsa Aloharosa mi før eg for.  Rosa vart flytta frå skvåsjåkeren på det verst tenkelege tidspunktet, første dag i den veka vi hadde sol her.  Rosa har stura litt, men no har ho fått nye knoppar. No skal det lukast og leggast på litt kugjødselkompost.

mandag 23. september 2013

Matpakkerundstykke

Blogglesarane hugsar kanskje at eg bakte matpakkebrød etter ei oppskrift frå den svenske bakeboka mi.  Sidan har både mor mi og eg laga det fleire gonger.  Ein dag gjorde eg meg ekstra føre og trilla 16 store rundstykke. Dei vart ikkje mindre populære. Ingen ville gjette at dei er så grove som dei er, for dei er både  lette og gode.

Oppskrifta finn de her.

søndag 22. september 2013

Bok 46: Hånden

Dette er ei ny bok om Kurt Wallander.  Som blogglesarar som har lese den siste  romanen veit, kunne ein ikkje forvente meir frå den kanten.  Eg har enno ikkje tilgitt Mankell for lagnaden han gav krimhelten sin. Men no har han lagt ein kort roman før den siste.

Kurt Wallander ønskjer å flytte frå leilegheita i Mariagatan og kjøpe seg hus. Når han er ute og ser på huset, snublar han i ei hand, eller beina som er att av henne. Han legg og merke til at ripsbuskane er noko merkeleg plasserte. Der ligg to lik i hagen som viser seg å vere omtrent frå krigen.

Romanen er kort, berre 3 CD-ar.  Men han er velskriven og interessant. Romanen skil seg ut frå dei andre med å vere litt enkel og konsentrert, men Kurt Wallander er den same.

lørdag 21. september 2013

Førsteklassingane

I dag har vi vore i Ørsta på familietreff.  Mor mi hadde kokt ei stor panne med fårikål.  Det smakar alltid godt, og kanskje best smakar sesongens første?
 I haust begynte 97-modellane i førsteklasse på vidaregåande.  Eit bilde av dei to då dei besgynte i førsteklasse, vart lagt ut på facebook.  Då dei var små, synest eg dei var så like at dei omtrent kunne vore tvillingar. Ein ser kanskje slektskapen enno?
Dei to har valt ulike studieretningar.  Ho går på studiespesialiserande, eller allmenn som vi kalla det før, medan han går på musikklina.

fredag 20. september 2013

Bok 45: En mann med navn Ove

I sommar såg eg at denne romanen låg på topplistene.  Slekt og bloggarar har likt den godt.

Kva er det med denne boka?  Eg synest denne meldinga seier det meste.

Som blogglesarane truleg har fått med seg, har eg stor sans for godt språk i tillegg til eit skrått blikk på tilvære.  Forfattaren greier på ein meisterleg måte å kome under huda på denne stabeisen av ein mann.  Han skildrar livet og døden med humor å varme.

Eg trur dette er ein roman som dei aller fleste vaksne vil like!

torsdag 19. september 2013

Kufte

 I dag fekk eg frøkna til å stille opp som modell i den nye kufta mi.
 Blogglesarane hugsar kanskje at eg fekk denne boka av ei venninne til fødselsdagen min.
 Der er 17 ulike kufter.  Det er liker svært godt med boka, er dei detaljerte mønstera.  Slike diagram er der til alle. Det gjorde det lett for meg som strikka rundt, ikkje fram og tilbake som forfattaren tilrår.
 Heile erma viser detaljert korleis ein skal auke.  Fellinga oppe legg eg ikkje ut.
Svigerinna mi og eg var samde om at eg skulle velje rund hals.  Då er det berre å sjå på eit anna mønster i boka viss ein er usikker.

Eg er godt nøgd med jakka. Stolpane kunne ha vore litt strammare, men eg reknar med at det går seg til.  Det er lettare å ta opp masker langs kanten enn å strikke nedanfrå og opp, har eg erfart. Garnet eg brukte, er Hverdags.  Det er litt tynnare enn det som står i boka, så eg strikka største storleik.

Om eg kjem til å strikke fleire kufter, vil tida vise.  Det er nokre timar monteringsarbeid på eit slikt prosjekt ...

onsdag 18. september 2013

Knitting America

Eg er såkalla Arkvenn.  Det betyr at eg med ujamne mellomrom får svært gode tilbod på mail.  Dei slår til dømes til med halv pris på hobbybøker eller kokebøker eit par gonger i året. Lova seier vel at årets bøker ikkje er på sal.  Men elles kan ein boltre seg i gode tilbod. Kjøper ein for 199 kroner eller meir, er det gratis frakt.  Mitt Visakort er registrert der, så det skal ikkje så mange tastetrykk til. Dei har og eit ganske godt tilbod på engelskspråklege bøker,

Boka over bestilte eg fordi ho såg interessant ut.  99 kroner er ingen stor risk om det skulle bli eit bomkjøp.  Sjølv har eg ikkje vore så opptatt av krigshistorie, men synest det er meir interessant å lære om daglegliv.  Ein kan tenke seg kor mykje arbeid det låg bak eit strikka plagg når ulla måtte både kardast og spinnast før strikknga kunne begynne.
Dei første strikka plagga i boka er frå 1700-talet.
Ein finn fleire natthuer i bomull i boka.
Babyvottar.

Til alle krigane vart det strikka. Kvinnene vart oppmoda om å bidra med sokke- og huestrikking etter standardiserte mønster.
 Ein del av desse mønstera finn ein i boka.
 Desse vottane frå 1880-åra ser no ganske moderne ut?


 Krigsmote.  Ein kunne strikke seg plagg i moderne snitt.
 Elles finn ein fleire bilde av norske mønster.

 Dette er ei bok for folk som er interesserte i strikking og historie. Gjennom strikkemotar lærer ein samtidig litt om samtida. Mønstera vert nok ikkje brukt av meg.

Boka er hefta, ganske stor (litt kortare og breiare enn A4)og på 200 sider.



tirsdag 17. september 2013

Bok 44: Menneskets natur

Frå forlaget:
Ny krimroman fra Jørgen Brekke - om de fire temperamenter.Politiførstebetjent Odd Singsaker befinner seg i et hus på Hitra. Det ligger et lik på gulvet ved siden av ham. Singsaker retter en hagle mot en person i en utbrent sofa. Det har åpenbart skjedd mye siden kona Felicia Stone reiste fra ham og forsvant.En utro og svært kald politimann, en festglad student i plutselig trøbbel, en hustru som slår tilbake mot sin ektemann og en torpedo med et eksplosivt tilslag i balltreet. Alle spiller viktige roller i fortellingen om hvordan Odd Singsaker havnet i dette uføret.Den tredje romanen om Odd Singsaker er en fortelling om hva som skjedde med Felicia Stone, om store forbrytelser, seig kjærlighet og de fire temperamenter. Og om alt det andre som preger menneskets natur.

Eg vart ikkje heilt klok på denne romanen.  Her er mange parallellhandlingar. Og alle skal henge saman til slutt. Og kva skal ein seie om slutten?

Ein ting kan seiast: Romanen høver ikkje som sovemedisin. (For oss som les på senga)  I periodar vert ein heller søvnlaus.  Jørgen Brekke greier å skape ei intens spenning.  Dette er verkeleg ein pageturner! Når Felicia kjempar ein kamp mot ein kaldblodig mordar i ein snøkledd skog, kan ein roman knapt bli meir nervepirrande.  Så kjem spørsmålet: Kvifor skyt han ikkje når han kan, men ber folk gjere sjølvmord i form av overdose?

Eg har sansen for personskildringane.  Det vert interessant når alt ikkje er som ein først trur.  Men får folk nok straff, eller rett straff?  Slår lagnaden til?

Eg synest denn krimromanen skil seg litt ut.  Eg likte han svært godt!


mandag 16. september 2013

Vanten Elise

Desse vottane vart eg ferdig med tidleg på sommaren. Eg fekk ein "kit" av Lappetausa.  Det vart ikkje noko treff i sommar, så eg sende dei i posten.  No håper eg dei held henne varm i vinter!

søndag 15. september 2013

Naanbrød - for skulekjøken?

 Eg fekk eit spørsmål ein dag om eg hadde prøvd oppskrifta på naanbrød i den nye kokeboka, og om det kunne vere noko for skulekjøkenet.
Då var det berre å sette i gang.  Eg gjorde som elevane; følgde oppskrifta slavisk. Det vil seie, eg hadde ikkje i krydder. Mine eigne kommentarar er i kursiv.

1 dl mjølk
1 ms sukker
1/4 pk fersk gjær
1/2 ts salt
1 ts bakepulver
2 ms olje
1 1/2 dl yoghurt naturell
ca 5 dl kveitemjøl
2 ts garam masala, spisskum eller malen koriander

1. Set steikeomnen på 275 grader og dekk eit steikebrett med bakepapir.
Dette er litt tidleg, men hugs at vi er på eit skulekjøken.
 2. Varm mjølka til ho er fingervarm (ca 37 grader) og tilset sukker og smuldra gjær.
3. Rør om og la blandinga stå i 15 minutt.
Her er eg skeptisk av to grunnar: Faren for gjærsmak er stor, og tida går.

 4. Tilset dei andreingrediensane og elt deigen saman. Bruk så mykje mjøl at deigen vert glatt.
5. Dekk bakebollen med plast og lat deigen heve ca 1 time på ein lun stad.
Alle som har arbeidd på eit skulekjøken, forstår at her går tida.  Det står ingen ting om å varme youghurten heller.  
 6. Ha litt mjøl på bakebordet, skrap ut deigen og del han i seks emne. Trykk emna flate og kjevl dei ut til dei er ca 1/2 cm tjukke.
Eg kjevla dei så store som mogeleg.
7. Legg emna på steikebrettet og steik dei midt i omnen 2-4 minutt.  Snu naanbrøda ein gong under steikinga.  Pass på at dei ikkje vert brende. Server dei lune.

Eg synest kanskje naanbrøda vart litt tjukke samnlikna med dei eg har fått på indisk restaurant. Kanskje ein heller skulle laga fire på to brett? Steikinga går fort. Naanbrøda fall godt i smak i familien.  Det er allereie spørsmål om å lage fleire. (Sjølv meinte eg det smakte litt av gjær, men så var no eg no det ein på bokmål kallar "forutinntatt".)

Skal vi lage naanbrød på skulekjøkenet, må vi finne ein måte å skru opp tempoet på. Truleg må vi varme all væska og lage deigen i eitt.  Det spørs om vi ikkje også må doble gjærmengda.


lørdag 14. september 2013

Plommer i krydderlake

Bær i krydderlake har vorte ein klassikar i familien. Til frosne bær kokar ein berre laken og heller han over dei. Plommene må kokast.  Då koker eg berre krydder og vatn først, slik at kryddera får gi frå seg smak.  Så har eg i sukker og plommer.  Sukkeret løyser seg opp og plommene får koke til dei er møyre. For at det ikkje skal bli for mykje lake, koker ein plommene i to porsjonar.Ein kan sjølvsagt hermetisere plommene på denne måten. Fortvil ikkje om du ikkje har alle kryddera. Alle kan sløyfast, kanskje utanom anisen.
5 dl vatn

2 heile anis
3 nellikspikarar
1 kanelstong
5 kardemommefrø - eg brukte grøne
1 vaniljestong eller 1 ts ekte vaniljesukker

3 dl sukker

1 - 1 1/2 kg plommer

1. Kok vatn og krydder i ca 15 minutt. Ta ut/sil vekk kryddera.
    (Du kan ta vare på kryddera og legge dei oppi att i ein sil eller liknande.)
2. Ha i sukker og kok opp.
3. Ha i omtrent halvparten av plommene.  Kok dei møyre.
4. Kok resten av plommene.
5. Avkjøl.

Server gjerne med krem: Pisk 1 pk fløyte tilsett 1 ts ekte vaniljesukker.
Vaniljeis smakar sjølvsagt godt til.

fredag 13. september 2013

Fredagsmiddag

 Denne veka viste det seg at det vart fredagen det vart mogeleg å samle alle.  Journalisten skulle til Ålesund i kveld, og i morgon reiser han til Trondheim.  Dei som følgjer med på fotball, forstår vel oppdraga hans.
 I dag stod det marinerte nakkekotelettar og plommer i krydderlake på menyen.  Det siste var eit vellykka eksperiment.  Eg får legge ut oppskrift i eige blogginnlegg.
Elles har eg vore på knappejakt til to jakker i dag.  Til den eine lykkast eg å finne nokre eg liker på tredje forsøk.  Dei knappane var eg no best nøgd med. Ulljakka har eg nettopp vaska for hand og sentrifugert i vaskemaskina.  Frøkna har lova å stå modell for dei to plagga.  Time will tell.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...