Denne veka viste det seg at det vart fredagen det vart mogeleg å samle alle. Journalisten skulle til Ålesund i kveld, og i morgon reiser han til Trondheim. Dei som følgjer med på fotball, forstår vel oppdraga hans.
I dag stod det marinerte nakkekotelettar og plommer i krydderlake på menyen. Det siste var eit vellykka eksperiment. Eg får legge ut oppskrift i eige blogginnlegg.
Elles har eg vore på knappejakt til to jakker i dag. Til den eine lykkast eg å finne nokre eg liker på tredje forsøk. Dei knappane var eg no best nøgd med. Ulljakka har eg nettopp vaska for hand og sentrifugert i vaskemaskina. Frøkna har lova å stå modell for dei to plagga. Time will tell.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar