Frøkna og eg hadde planlagt å prøve ein rett frå den nye kokeboka for skulekjøkenet. Der er to sider med tortillalefser og ulikt fyll. På Prix kjøpte vi byggmjøl til lefsene. Alternativet, som eg meinte måtte bli mykje betre, fann vil på innvandrarbutikken. Eg trur vi betalte 34 kroner for 1 1/2 kg maismjøl.
Frøkna laga grønsakfyllet medan eg laga lefsene. Oppskriftene vart dobla, og vi brukte fem store kyllingfiletar, ca 1 kg. Dette var akkurat passeleg til tre karar og to damer.
12 tortillalefser
1/2 dl rapsolje
2 dl vatn
3 dl maismjøl (byggmjøl)
ca 4 dl kveitemjøl, spar litt til utbaking
2 ts bakepulver
1/2 ts salt
1. Bland alle ingrediensane godt saman.
2. Lat deigen kvile 20 minutt under lik eller plast. (Dette punktet hoppa eg over.)
3. Del deigen i 12 emne. Trill dei runde og trykk dei litt flate. Lat dei kvile i 10 minutt.
4. Kjevl ut emna og steik dei i ei tørr steikepanne. Snu dei når dei blæs seg opp.
5. Dei ferdigsteikte lefsene legg du oppå kvarandre med ein kjøkenhandduk rundt. Då held dei seg mjuke.
Kylling- og grønsakfyll
2 kyllingfiletar
2 ms olje
1 raud paprika
1 gul paprika
2 vårløkar/1/2 purreløk
1 båt kvitløk, finhakka
1/2 raud chili, finhakka
1/2 ts salt
1/2 ts malen spisskum
1. Skjer kyllingfiletane i strimlar og steik dei. Ta dei ut av steikepanna.
2. Skjer opp grønsakene. Steik dei i 1 ms olje på middels varme i 3-4 minutt.
3. Ha kjøtet attende i steikepanna. Lat det heile steike 2 minutt medan du saltar og krydrar.
Vi serverte heimelaga guacamole og tomatsalsa til. Oppskriftene på det får kome ein annan gong når vi har nærbilde
Det er sjølvsagt enkelt å kjøpe tortillalefser i butikken, og det kjem nok eg og til å gjere innimellom. Men heimelaga tortillalefser smakar mykje betre enn kjøpte! Berre prøv!
Det der ser veldig godt ut.
SvarSlettDet må prøves en dag jeg har litt god tid til
middagslaging.
Ha en fortsatt god kveld :)