tirsdag 17. september 2013

Bok 44: Menneskets natur

Frå forlaget:
Ny krimroman fra Jørgen Brekke - om de fire temperamenter.Politiførstebetjent Odd Singsaker befinner seg i et hus på Hitra. Det ligger et lik på gulvet ved siden av ham. Singsaker retter en hagle mot en person i en utbrent sofa. Det har åpenbart skjedd mye siden kona Felicia Stone reiste fra ham og forsvant.En utro og svært kald politimann, en festglad student i plutselig trøbbel, en hustru som slår tilbake mot sin ektemann og en torpedo med et eksplosivt tilslag i balltreet. Alle spiller viktige roller i fortellingen om hvordan Odd Singsaker havnet i dette uføret.Den tredje romanen om Odd Singsaker er en fortelling om hva som skjedde med Felicia Stone, om store forbrytelser, seig kjærlighet og de fire temperamenter. Og om alt det andre som preger menneskets natur.

Eg vart ikkje heilt klok på denne romanen.  Her er mange parallellhandlingar. Og alle skal henge saman til slutt. Og kva skal ein seie om slutten?

Ein ting kan seiast: Romanen høver ikkje som sovemedisin. (For oss som les på senga)  I periodar vert ein heller søvnlaus.  Jørgen Brekke greier å skape ei intens spenning.  Dette er verkeleg ein pageturner! Når Felicia kjempar ein kamp mot ein kaldblodig mordar i ein snøkledd skog, kan ein roman knapt bli meir nervepirrande.  Så kjem spørsmålet: Kvifor skyt han ikkje når han kan, men ber folk gjere sjølvmord i form av overdose?

Eg har sansen for personskildringane.  Det vert interessant når alt ikkje er som ein først trur.  Men får folk nok straff, eller rett straff?  Slår lagnaden til?

Eg synest denn krimromanen skil seg litt ut.  Eg likte han svært godt!


1 kommentar:

  1. Det var litt vanskelig å henge med ei stund, men det kom seg etter kvart som ein fekk orden på personane. Og typisk meg: Slutten har eg gløymt. Var det ein cliff-hanger eller?
    Eg har lese alle tre krimromanane som denne forfattaren har skrive. Trur eg likte betre dei to første. Her vart det litt for mykje av det"gode".

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...