mandag 17. september 2018

Jam fruktpektin versus Certo fruktpektin

Det er slutt på Certo i butikkane.  Dette utløyste ein diskusjon på Facebook.  Ein påstand var at innhaldet i pakkane er heilt likt.  Protestane let ikkje vente på seg.

Eg bestemte meg for at her måtte det forskast!  Eg hadde att eit par pakkar Cert frå i fjor.  Eg har to like store stålpanner på 4 1/2 l.  I kvar panne hadde eg 2 kg plommer med stein plukka frå same tre.  Sukkermengda vart nøye vegd.  Alt vart gjort så likt som det er mogleg på eit vanleg kjøken.

Syltetøyet hadde eg i like glas og merka dei med A og B. 

For meg var det heilt umogleg å merke forskjell.  Testpersonen i heimen greidde heller ikkje det, men prøvde hardt fordi han trudde det var eit poeng at det eine skulle vere betre enn det andre.  Overdommar vart mor mi.  Heller ikkje ho kunne merke ulikskapar.
Konklusjon: På eit amatørkjøken vil ein ikkje kunne merke forskjell på Jam og Certo fruktpektin.

2 kommentarer:

  1. Takk.
    Det er mi erfaring også, men eg vart feia av bana då eg
    nemnde det på fb.

    SvarSlett
  2. Ja, det er mykje synsing …
    Ein har kanskje ulikt modne bør, ulik mengde sukker etc. og så skuldar ein på syltepulveret ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...