torsdag 31. mars 2016

Bok 14: Kistemakeren

Fjerde lydbok med etterforsker Rino Carlsen, en serie som har høstet strålende anmeldelser. Etterforsker Rino Carlsen er tilbake i Lofoten og håper på roligere arbeidsdager enn sist han var der ute. Men da en gutt finner en filmkassett med et uhyggelig innhold, blir han dratt inn i en sak som strekker seg flere år tilbake i tid - en sak som også skal vise seg å være skremmende aktuell. En ung jente hevdet for et par år siden å ha blitt kidnappet og holdt innesperret i en kiste i ett døgn, før hun slapp fri. De færreste i bygda har trodd henne. Hun har aldri klart å gi en ordentlig forklaring på hva som skjedde, og etterforskningen ledet ingen steder. Da en filmkassett som viser opptak av en ung jente innesperret i en kiste blir funnet i vannkanten, kommer saken opp igjen, og Rino Carlsen dykker inn i den to år gamle kidnappingssaken for å finne sannheten om hva som skjedde. Men så viser det seg at dette opptaket slett ikke er to år gammelt. Det er helt nytt...

Ein mann vert funnen ihelstukken på ei fjellhylle. Ri jente har vore borte i to år.  Og så er det dei to barna som har fortalt at dei har lagt i ei kiste og fått mange stikk.  Desse sakene heng sjølvsagt saman.

Eg har vel kalla bøker for kosekrim før.  Romanen er lettfatteleg og underhaldande.  Nils Johnson løftar han med ein dialekt og ei stemme som høver svært godt til teksten.

Løysinga vert noko lang og kronglete. Kjærleikslivet til Rina Carlsen vert og innblada i krimhistoria.  Meir vil eg ikkje seie.

mandag 28. mars 2016

Gratulerer mamma!

I dag kan vi gratulere mamma med 76-årsdagen!  Vi feira henne på førehand i år for at flest mogleg skulle kunne kome.

Mor mi held seg aktiv med blogging og som styremedlem i pensjonistlaget.  Ho er elles ei svært flink husmor!  Mor mi og eg er kanskje ikkje så like av utsjånad, men vi er nok like på mange andre måtar.

Ei sak som er i vinden for tida er mat på sjukeheimar.  Generelt sett er vi samde om at ikkje alt vert betre om det vert større.  Det bør lagast sunn og god mat på alle sjukeheimar.  Om mor mi skulle kome på sjukeheim, så har eg lova å kome settande med skikkeleg mat om ho ikkje skulle få det der!  Eg ser henne for meg krøkt over datamaskina der ho bloggar kvar einaste dag og gir terningkast til maten og gode råd til kokken! 

Det høyrer med til familiehistoria vår at mor hennar, mi mormor, var kjøkkensjef på sjukehuset på Nordfjordeid til ho var 70 år.  Der vart det laga skikkeleg mat. Eg synest ikkje oppvarma mat, same kva teknikkar dei bruker, kan erstatte nylaga, skikkelege måltid som spreier matlukt rundt i heimen.

Heldigvis er mamma sprek og frisk og kan lage mat til seg sjølv og far min - og heile slekta innimellom!

søndag 27. mars 2016

Bok 13: Løgnen

 
 
 
 
 
 

Et helikopter er på vei for å hente fire mennesker som er værfaste på et fyr. Når de nærmer seg fyret ser de en kvinne sitte bøyd over en såret mann. Hun har en kniv i hånden, hun kikker opp mot helikopteret og hun skriker... Løgnen er nok en spennende roman fra Islands store krimforfatter Yrsa Sigurdardóttir. Gradvis avdekker hun sannheten om hva som skjedde ute på fyret, samtidig som hun reflekterer over når man skal la noen leve, og når det er best å la et menneske man er glad i, dø. 

Eg oppdaga at eg hadde liggande ei bok til av Yrsa Sigurdardóttir, og tenkete at det kunne bli høveleg lydbokrim i påska.

Ein familie på Island bytta hus med ein amerikansk familie.  Då dei kom heim greier dei ikkje å kome i kontakt med amerikanarane.  Mystiske ting skjer, som at pærene i alle gatelyktene kring dei vert knuste.  Og ein dag ligg ein drept katt på grillen. 

Ein journalist, mannen til politikvinna, har prøvd å henge seg i same garasjen som ein journalist gjorde det for mange år sidan. 

Korleis heng alt dette saman.  Kven er skurken, og vert han tatt? Er det berre ein skurk?

Eg synest romanen innfridde! 

lørdag 26. mars 2016

Fleire gryteklutar

 I dag feira vi mor min sin 76-årsdag.  Det vart ikkje tatt så mange bilde i dag, berre av dei som ikkje vil på blogg... Eg reknar med at det kan dukke opp meir om feiringa på andre bloggar.

 Då eg tidlegare i veka begynte å tenke på kva eg skulle kjøpe til henne, kom eg over desse gryteklutane i Rauma/PT sitt nye påskehefte.
Wg er godt nøgd med resultatet, og ikkje minst fargevalet.

fredag 25. mars 2016

Stem på årets påskekrim!

Det har vorte ein tradisjon på bloggen min at eg lagar ei lita meiningsmåling om årets påskekrim på bloggen min.  Det er lov å stemme anten ein ikkje ser krim, berre ser ein krim eller som meg; ser dei fleste.

Nedgravde hemmeligheter (Unforgotten)NRK
Denne serien har vi allereie sett.  Dette er kvalitetskrim etter mitt syn!

The Night Manager
Denne krimsrien er basert på ein roman av John Le Carré.  Vi har ikkje sett siste episode enno.  Skurken er ein av mine favorittskodespelarar, Hugh Laurie.  Eg ser ikkje vekk ifrå at dette kan bli ein favoritt!

Unge inspektør Morse
Eg veit at dette er minst ein blogglesar sin favoritt!  denne begynner straks!

And Then There Were None (Ti små negerbarn)
Ein nyinnspelt klassikar av Agatha Christie.

Ingen utvei






Langfredag

I dag trimma og trena familien i ulike retningar.  Tre for på Melshornet, ein jogga, ein i treningsstudio og eg gjekk rundt vatnet. Veret vart mykje finare enn det såg ut til å skulle bli på vermeldinga i går.

For nokre dagar sidan oppdaga eg at den rikhaldige serviettsamlinga mi ikkje inneheldt ein einaste pakke uopna påskeserviettar.  Der var berre nokre restar! Mi utfordring er at der er mykje raudt på kjøkenet, og ikkje minst har eg fine, raude panner.  På Coop var eg heldig å finne rimelege serviettar med litt raudt på.

Kva eg serverte i dag? Det er visst vaffeldagen, men her vart det brennsnut og pannekaker.  Vi driv og arbeider oss gjennom dei to heimkomne sønene sine yndlingsrettar.  Pannekaker er ein av dei.

I morgon vert det feiring av mor mi som vert 76 på måndag!

torsdag 24. mars 2016

Torsdagstur

 Veret var ikkje det finaste då vi bestemte oss for å gå ein tur langs ein sti. Eg har ikkje gått Fløstranda på aldri så lenge.  Der er laga ein stor, fin parkeringsplass på Gåsneset.  der var eit bord der ein barnefamilie hadde slått seg ned og rasta.  Slikt er kjekt å sjå!
 Eg plar seie at eg liker å lære noko nytt kvar dag.  Slike plakatar har eg stor sans for! Eg bruker å ta bilde av dei, så kan ein studere dei meir nøye.
 Så kan ein drøyme om sommar og bading på mjuke sandstrender ...
Enn så lenge får ein slå fast at våren er komen!

tirsdag 22. mars 2016

Påskepjask

 Idéen til å strikke desse gryteklutane fekk eg av ei tiandeklassejente.  Ho strikka dei med fargane i mønsteret.  Eg bytta ut oransje med grønt då det ikkje fanst oransje i Sumatra i butikken.
Gryteklutane var kjekke å strikke. Eg lærte korleis ein skal legge ut pent i begge sider.  Før har eg gjort det berre med å ta opp ei maske og strikke den vridd.  No har eg lært ein annan måte å gjere det på i venstre side.

Det er godt og viktig å ha gode gryteklutar.  Etter påske skal eg strikke meg nye med same garn i eit anna mønster.  Mønsterstrikking gjer at dei vert ekstra tjukke.  I oppskrifta står det at ein kan bruke pinnar 4 eller 4 1/2.  Eg valde det siste sidan det stod på garnet.  I framtida vil eg bruke 4.

søndag 20. mars 2016

Palmesøndag 2016

Vi begynner no å bli fleire rundt bordet!  Yngstemann kom heim med siste flyet til Ørsta fredagskvelden.  Eg køyrde gjennom tunnelen og henta han.  Der fekk eg ei ekstraoppleving.  Halvvegs oppover slo alle sidelysa seg på.  I tillegg lyste skilt med P1.  Eg hadde sett nokre menn i drssar med refleks, så eg tenkte det var ei øving. Etter å ha køyrt litt, gjekk det opp for meg at eg kanskje burde slå på radioen i staden for lydbok.  Der dukka berre BBC opp ...  På flyplassen fekk eg høyre at det vart filma i tunnelen.  Eg hadde vore heldig som ikkje måtte vente.

I dag kom broren. Flyet hans vart litt forseinka, så han  fekk seg eit par timar på Vigra.  No ventar vi berre på forfattaren som kjem att i morgon etter nokre veker i Italia.

Bok 12: Tarantellen


Eiendomsmagnaten Marc Tesson og hans respekterte familie tilhører det øvre sosiale lag i Paris og lever stille og tilbaketrukket. 40 år tidligere måtte de rømme hals over hode fra et borgerkrigsrammet Algerie. I kjølvannet.lå flere døde personer og store personlige tap.. En novemberkveld i Paris forsvinner et familiemedlem. Dagen etter blir bilen hans funnet med liket av en ung, ukjent kvinne i baksetet. Den nordnorske spesialetterforskeren Orla Os er ansatt i det franske politiet og blir satt på Tesson-saken. Etter hvert avdekker hun og hennes kolleger historier om svik og skyld og gamle synder. Tiden sletter ikke alltid alle spor. Og i utkanten av begivenhetene sitter det en og spinner et farlig nett . og venter på neste offer. Tarantellen er Jorun Thørrings tredje kriminalroman. Flere kritikere har utropt henne til en ny, stor spenningsforfatter

Denne lydboka tok eg med meg frå biblioteket i Ulsteinvik måndag då eg ikkje fekk den eg for etter. Eigentleg var eg ute etter noko anna enn krim, men eg fann ikkje noko som freista.  kanskje eg skal bruke påska som påskot til å sluke nokre krimromanar?

Krimromanen er bygd på ei kjend oppskrift: Hendingar i fortid, her og på eit anna kontinent, og handlingar i notid. Sjølve krimgåta er ikkje så spesiell. Det som gjer romanen kjekk å lese, er kanskje menneske- og miljøskildrinane. Eg ville gitt den 4+

torsdag 17. mars 2016

Bok 11: Mørke rom





Fra forfatteren av «Flink pike» - bestselgeren bak filmen «Gone Girl». Libby er syv år gammel da moren og de to søstrene hennes blir myrdet, og broren Ben blir senere dømt for ugjerningen. Som voksen blir Libby kontaktet av The Kill Club, en forening som er sykelig opptatt av beryktede drapssaker, som ønsker å bevise at Ben er uskyldig dømt. Libby ser muligheten til å tjene penger på historien sin, og påtar seg å oppsøke aktører fra den natten mordene skjedde. Gradvis avdekkes en utenkelig sannhet, og snart er Libby nok en gang på flukt fra en morder.

Hovudpersonen i romanen er ei vaksen kvinne som i barndomen opplevde å gøyme seg då mora og systera vert drepne. Noko broren vert dømd for. Ho er i konstant pengeknipe etter å ha levd på å fortelje historia si.  Nokon bestseljar vert ikkje boka om livet hennar. 

Så kjem ho i kontakt med desse menneska som vil bevise at broren var uskuldig. Ho tek i mot pengar for å snakke med involverte personar.  Parallellt med denne historia, får vi innsikt i det som skjedde på 80-talet.

Måndag oppdaga eg at eg mangla dei to siste CD-ane.  Eg tenkte sjansen var størst på bybiblioteket, men dei måtte bestille den til meg.  I går kom ho på biblioteket her.  Så då fekk eg lese oppklaringa.

Den likte eg ikkje! For meg vart den for søkt. Og det øydelegg mykje for ein krimroman. Men eg ser at andre meiner noko anna ...

tirsdag 15. mars 2016

Tore på TV?

Apropos TV, så skal det kome eit program på TV2 som heiter The stream.  Dei som vert mest streama, får kome på TV.  De kan høre ein ung mann frå Hareid her: http://www.tv2.no/thestream/auditions/entry/21124306/toppliste

mandag 14. mars 2016

Skjønnheitstyranniet og bloggarane

Eit frynsegode i jobben er at ein kan få med seg ulike foredrag og framsyningar.  Torsdag spanderte Saniteten på elevane eit foredrag med tema "skjønnheitstyranniet".  De kan lese om det her. Om kvelden snakka ho til foreldre.

Eg synest det er flott at ho som lege seier det ho seier.  Den såkalla perfekte kroppen er det ikkje mange som har anlegg for å få frå naturen si side, dersom han då finst.  Bilde i blad vert ofte pynta på.

Kari Løvendahl Mogstad drog og fram TV-seiar og bloggar som har stor påverknadskraft.  Sidan eg reknar med at ho ville be vaksne førlgje med, har eg bestemt meg på å følgje litt med.

Kardashianfamilien vart tatt opp.  Seinare har elevane mine sagt at dei ser det "fordi det er så gale". Sjølv får eg dei fort i halsen.  Sjukt sjølvopptatt er berre forbokstavane.

No har eg hekta meg på Bloggerne.  Og eg kommenterar.  Og eg er så irriterande.  For kva er dette?   Eg skal ikkje nemne namn, men denne unge dama har stor påverknadskraft.  Ho har det travelt utan å ha verken jobb eller born slik det ser ut for meg.  Det toppa seg førre veke då ho nærmast gjorde narr av ei veske som var "sånn fattigdyr"(adjektiv).  Når eg diskuterer dette med ungdomane så seier eg at om ho vil bli penare, så kan ho kutte ut operasjonar og innsprøytingar, legge vekk sytestemma og begyne å smile!

Kor interessant er du å vere saman med dersom du berre tenker på deg sjølv generelt og utsjånaden din spesielt?  Når eg seier slikt, fell det på steingrunn.  For følgjarane er mange ...  

Nokon må seie imot.  For det er sterke krefter som er ute etter å tene pengar. Foredraget var eit drypp, så får foreldre, andre vaksne og fornuftige ungdomar ta over kampen.



søndag 13. mars 2016

13.mars


I dag gjekk eg meg ein tur, for første gong i joggesko, for å kunne late meg litt med godt samvit.  Då eg kom heim att baka eg ei skuffekake til elevane mine samtidig som eg laga middag.

No har eg hatt kontakt med dei to gutane som bur i hovudstaden.  Eg kjenner eg gler meg til ferie, men mest til å få alle heim!

lørdag 12. mars 2016

Mars

Denne månaden trudde eg ikkje at eg skulle få kupongar. Men i dag låg der eit hefte i postkassa.  Eg trudde ikkje det skulle vere post i postkassa laurdagane.  Førre veke såg eg ein lett forvirra sjåfør ute med post.  Det kjem vel private aktørar på banen.

Det vart berre til at eg tok med meg ein pakke gratis peanøtter og ein ost heim i dag.  Såkalla smågodt var det omtrent tomt for.  Eg hadde tenkt å sikre meg litt kakepynt.

Dagen starta med strålande sol.  No skulle det kome litt regn.  Så fer nok snøen.  Eg gler meg til å starte i hagen!

Eg ønskjer alle blogglesarane ei god helg!

torsdag 10. mars 2016

Bok 10: I maktens skygge



Det har gått nesten tjue år siden Thomas Andreasson startet i politiet, og han begynner å kjenne det. Orker han å fortsette i yrket? Barndomsvennen, juristen Nora Linde, skal feriere i Sandhamn med samboeren Jonas og deres fire år gamle datter, Julia. Men sommeridyllen forstyrres av en ny sommergjest. Carsten Jonsson, en risikokapitalist som har blitt styrtrik etter omfattende investeringer i Russland. Jonsson har kjøpt den lange, fine stranden på øyas sørside og er i ferd med å bygge en luksusvilla som får resten av øyboerne til å se rødt. Merkelige ulykker har forekommet i bygningsprosessen. Dreier det seg om tilfeldigheter? Eller kan det være snakk om sabotasje? Da Carsten Jonsson inviterer til innflytningsfest, ender det i katastrofe. Thomas står overfor sin vanskeligste sak noensinne. Hvis han skal klare å løse den, må han først våge ta noen egne oppgjør.


Denne krimromnen er av typen "tretten på dusinet".  Den merker seg ikkje ut på nokon måte.  No er eg inne i ein travel periode på jobb. Då høver det godt med noko lettlese.

onsdag 9. mars 2016

Vårteikn

I dag vakna vi til ein mildare dag enn i går, ein skilnad på 8 gradet utgjer litt!
I bedet kikar små påskeliljer opp. Eg fekk dei i ei korg med dtemorsblomster og påskeliljer av systera mi i fjor.
Eg synest det er ekstra kjekt når ein får blomster til å kome att!

søndag 6. mars 2016

Fastefarge?

I går vakna eg og hadde to problem.  For det første høyrde eg berre på eine øyret, lydbok altså.  Og så hadde klokka mi stoppa.  For meg var det siste største problemet, noko som sikkert seier sitt!

Dagen hadde eg lyst å bruke til vask og anna husarbeid. Viss eg først fer over Eidet, går det fort eit par timar.  Det ville vore for kjedeleg å berre oppsøke urmakaren.  Eg bestemte meg for å sjekke om eg kunne fått ordna det her i bygda! Først vaska eg golva i hovudetasjen og sette to brøddeigar. På Euronics fekk eg orna klokka på ein augneblink.  Nye øyreproppar hadde dei på medlemstilbod.

Men når eg først går nedover, må ein no stikke innom Nille og blomsterbutikken som har same inngang.  Der var alt gult!  Men kan ein begynne på påska to veker før?  Før jul har vi advent då vi kan kjøpe julestjerner og lækplantar i fleng.  Men kva med påaske.  No er det no ikkje akkurat faste å kjøpe seg verken det eine eller andre. Men eg kom til at eg måtte slå til på eit tilbod på gule krysantemer, og så fann eg denne primulaen.  Slik har eg ikkje sett før.  Eg kjøpte den med kortast stilk.  Den kosta under 50 kroner, og så kunne den plantast ut seinare.  Akkurat noko for meg.  No er eg spent på om plantane står til påske.  eg har trua.

torsdag 3. mars 2016

Bok 9: Rekviem




5. lydbok om Tom Hartmann! Innlest av Øystein Wiik selv. Svartmetallstjernen Wotan Wagner våkner med århundrets bakrus og liket av en ung pike i senga på The Thief hotell på Tjuvholmen i Oslo. Kvelden før spilte han og bandet WWW i et stappfullt Spektrum med knallsterkt nachspiel etter konserten. Men hvem er den døde jenta? Og hvordan i all verden har hun havnet i senga hans? Mye står på spill, og sammen med manager John Guldberg bestemmer Wotan Wagner seg for å flytte liket, så dødsfallet ikke kan knyttes opp mot ham. Guldberg påtar seg å gjøre det. Samtidig opplever Tom Hartmann og Cathrine Price alle foreldres mareritt når datteren Cecilie plutselig forsvinner. Hun var på WWWs konsert og hadde backstagepass for å hilse på metalstjernene etter konserten. Siden har ingen sett henne. Dette er opptakten til en ny historie med Tom Hartmann i hovedrollen. Denne gangen handler det om blackmetal, utpressing, hevn og tidenes gisseldrama i Røros kirke.

I denne romanen har Øystein Wiik skildras eit musikkmiljø så langt frå operaen som mogleg, skulle ein tru.  Det er Black/Death metal med tilhøyrande effektar.  Dei tek det heilt ut! Kva som er verkeleg, og kva som er installasjonar, kjem fram etter kvart.

Skurken i forteljinga, sjamanen, har tenkt ut ein skikkeleg "event", eller kva ein skal kalle det, i kyrkja i Røros Identiteten til denne sjamanen er og ei gåte. Og alt vert filma slik at han kan få merksemd for det han har sett i scene. Kven vil han ramme - og kvifor?  Alt heng saman.  Til og med ei betent visdomstann er viktig.

Romanen er spennande frå byrjing til slutt. Dette er eventyr for vaksne.  Her er sterke scener i form av bestialske drap.  Ikkje noko eigna sengelektyre med andre ord!  I tillegg fører forfattaren ein lett penn der han kjem med ein god del sleivspark i ulike retningar.  Det har eg stor sans for!  Eg ser ikkje vekk frå at eg kan kome til å kåre denne thrilleren til årets krim.

No er vi rett nok berre komne til mars...


tirsdag 1. mars 2016

Marygenseren

Fine Birte fekk denne genseren i vinterferien. Eg strikka den i dobbel Drops alpakka på pinnar 4 1/2. Ho fekk sjølvsagt velje farge sjølv, og eg synest ho kledde den godt!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...