søndag 20. mars 2016

Palmesøndag 2016

Vi begynner no å bli fleire rundt bordet!  Yngstemann kom heim med siste flyet til Ørsta fredagskvelden.  Eg køyrde gjennom tunnelen og henta han.  Der fekk eg ei ekstraoppleving.  Halvvegs oppover slo alle sidelysa seg på.  I tillegg lyste skilt med P1.  Eg hadde sett nokre menn i drssar med refleks, så eg tenkte det var ei øving. Etter å ha køyrt litt, gjekk det opp for meg at eg kanskje burde slå på radioen i staden for lydbok.  Der dukka berre BBC opp ...  På flyplassen fekk eg høyre at det vart filma i tunnelen.  Eg hadde vore heldig som ikkje måtte vente.

I dag kom broren. Flyet hans vart litt forseinka, så han  fekk seg eit par timar på Vigra.  No ventar vi berre på forfattaren som kjem att i morgon etter nokre veker i Italia.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...