fredag 25. mars 2016

Stem på årets påskekrim!

Det har vorte ein tradisjon på bloggen min at eg lagar ei lita meiningsmåling om årets påskekrim på bloggen min.  Det er lov å stemme anten ein ikkje ser krim, berre ser ein krim eller som meg; ser dei fleste.

Nedgravde hemmeligheter (Unforgotten)NRK
Denne serien har vi allereie sett.  Dette er kvalitetskrim etter mitt syn!

The Night Manager
Denne krimsrien er basert på ein roman av John Le Carré.  Vi har ikkje sett siste episode enno.  Skurken er ein av mine favorittskodespelarar, Hugh Laurie.  Eg ser ikkje vekk ifrå at dette kan bli ein favoritt!

Unge inspektør Morse
Eg veit at dette er minst ein blogglesar sin favoritt!  denne begynner straks!

And Then There Were None (Ti små negerbarn)
Ein nyinnspelt klassikar av Agatha Christie.

Ingen utvei






3 kommentarer:

  1. Her går det mykje i krim no... Dei tre første på lista di er kjempegode! Eg ser nr. 2 på Sumo, og er ikkje ferdig. Eg er blitt veldig glad i den unge Morse, likar den betre enn "den gamle". Ingen utvei fall ikkje så godt i smak her, og AG blir veldig konstruert.
    Denne influensaen dreg ut i tid, eg har ikkje vorte betre på ei heil veke.

    SvarSlett
  2. Eg har dei tre siste på boksen. Dei to første var svært gode - kvar på sin måte!
    Håper du kjem deg snart! God betring!

    SvarSlett
  3. Ungane og eg kosa oss veldig med Agatha Christie. Eg mimra om korleis eg las alle bøkene av Christie som mormor hadde, og korleis dei var med på å skape lesegleda mi.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...