fredag 25. mars 2016

Langfredag

I dag trimma og trena familien i ulike retningar.  Tre for på Melshornet, ein jogga, ein i treningsstudio og eg gjekk rundt vatnet. Veret vart mykje finare enn det såg ut til å skulle bli på vermeldinga i går.

For nokre dagar sidan oppdaga eg at den rikhaldige serviettsamlinga mi ikkje inneheldt ein einaste pakke uopna påskeserviettar.  Der var berre nokre restar! Mi utfordring er at der er mykje raudt på kjøkenet, og ikkje minst har eg fine, raude panner.  På Coop var eg heldig å finne rimelege serviettar med litt raudt på.

Kva eg serverte i dag? Det er visst vaffeldagen, men her vart det brennsnut og pannekaker.  Vi driv og arbeider oss gjennom dei to heimkomne sønene sine yndlingsrettar.  Pannekaker er ein av dei.

I morgon vert det feiring av mor mi som vert 76 på måndag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...