torsdag 30. juni 2016

Å mote seg opp til montering (eller kva det no måtte vere)

 Eg liker veldig godt å strikke! Når eg strikker kufter, gler eg meg spesielt til mønsteret når eg har sett ermane inn på bolen.  Men så er det denne monteringa ... Det å sy og klippe er raskt gjort.  Eg synest også det er enkelt når eg kan plukke opp masker og strikke stolpane på tvers.  Då vert plagget raskt ferdig, og eg kan begynne på eit nytt arbeid.

I juni begynte eg på to kufter der stolpane skal strikkast på langs. Slikt arbeid er det lett for meg å utsette.  På denne sydde eg maskinsaumane og klipte opp.  Der vart det eit stopp.

Ein dag eg gjekk heim, begynte eg å kjenne på presset.  Kva er problemet?  Du veit du får det til!  Det er berre å vere nøyaktig med å måle opp og sette merke! Og så er det så kjekt å bli ferdig!

Når eg har arbeid som det er freistande å utsette, bruker eg å bestemme kor tid arbeidet skal gjerast.  Då har eg godt "samvit" og stressar ikkje. Prøve- og stilbunkar angrip eg til dømes på den måten.  Tidlegare i veka bestemte eg at frysaren skulle avrimast torsdag, så det gjorde eg i dag .I går hadde eg fri til å drikke kaffi saman med ei god venninne. I kveldninga jobba eg i hagen og lytta til ei bok.
No gler eg meg til å gi vekk jakka til maibarnet!  Siste hand på verket la eg då Island slo England.

tirsdag 28. juni 2016

Røyrafjellet

Før eg for vart det fleipa med at køyreturen var lengre enn fjellturen.  Røyrafjellet høver godt for ein liten kveldstur.  Her ser de mot Tjørvåg. Regnet gav seg før vi kom fram til parkeringsplassen.
Så fann vi Hareidstrimposten! 
 
Ei bjørk hadde sådd seg ein lun plass ved stien. 

mandag 27. juni 2016

Bok 27: Ondskapens kall

Ondskapens kall er tredje bok i den kritikerroste serien om privatdetektiv Cormoran Strike og assistenten hans Robin Ellacott. En mystisk pakke blir levert til Robin Ellacott, som til sin skrekk oppdager at den inneholder benet til en død kvinne. Sjefen hennes, privatdetektiven Cormoran Strike, blir mer foruroliget enn overrasket. Han kan tenke seg i alt fire personer fra fortiden som kan være avsenderen - der alle fire er stand til særdeles grusomme handlinger. Da politiet setter alt søkelyset på en mistenkt, som Strike blir mer og mer sikker på ikke er gjerningsmannen, bestemmer de seg for å ta saken i egne hender. Strike og Robin begir seg inn i den mørke og forskrudde verdenen de andre tre opererer i. Men det gjør de ikke uten risiko, og snart er de begge i livsfare.
 
I denne krimromanen er kanskje privatlivet til dei to detektivane vel så interessant som sjølve krimgåta. Eg krev ikkje at sjølve historia nødvendigvis er realistisk.  Denne er noko "hinsides" etter mi meining.  Men romanen er lettlesen og underhaldande.  Eg ser han har fått terningkast tre i Dagbladet.  Det støttar eg - samtidig som eg nok kjem til å lese neste roman i serien.



søndag 26. juni 2016

Aktiv helg

 I går arrangerte vi UNDER LINDA FESTIVAL. Det kan de lese meir om på mannen sin blogg. Heldigvis heldt regnet seg vekke, noko som er viktig for utearrangement.
 
Elles har gebursdagane kome som perler på ei snor.  I år har eg berre gratulert på facebook.  I dag var vi i Eiksund på Birte sin dag.  Ettermiddagen vart avslutta med eit bad i sjøen.  Eg stod over, men Håkon, Birte og Øystein var uti to gonger!

fredag 24. juni 2016

Ny vaskemaskin

Då det viste seg at den gamle vaskemaskina ikkje kunne reparerast, måtte eg til med ei ny.  Av funksjonar prioriterte eg ei god sentrifuge.  At ullprogrammet er svært god, er no flott, sjølv om eg nok kjem til å vaske nye plagg for hand.  Den førre maskina tok åtte kilo tøy, denne berre sju. Når vi no vert berre to til hausten, ser eg det som ein fordel å kunne fylle maskina oftare.  Elles trur eg at vaskemengda vert omtrent halvert - og kanskje levetida på maskina dobla?

torsdag 23. juni 2016

Første feriedag

 Sjølv om tiandeklassingane slutta torsdag, så har det vore skule for resten av elevane til tysdag.  I går var det såkalla planleggingsdag.  På fleip har eg sagt at kroppen min var innstilt på Fylkeskommunen si skulerute.  Fredag, dagen etter avslutningsfesten, vakna eg og var ikkje i slag.  Men eg stirra meg på jobb.  Skulekjøkenet skulle leggast siste hand på og pakkast vekk til sommaren.  Dette bruker elevane å vere flinke til å hjelpe til med.  Alternativet var å legge seg sjuk og kanskje måtte gjere det sjølv. Vel heime la eg meg og sov før eg henta mannen på flyplassen i kveldninga.  Når eg så hadde sjansen, datt eg i hop. 

I ettertid har eg kome fram til at det må ha vore eit eller anna magevirus.  Og når eg ikkje drikk kaffi, får eg dundrande hovudverk. Søndagskvelden tok eg meg kraftig saman og fekk kome meg på jobb for å føre inn karakterar.  Det hadde ikkje dotte meg inn at eg ikkje skulle greie måndagen.  Etter ein halv time på jobb måndag morgon svimla det for meg.  Det var berre å kome seg heim att og legge seg i eit mørkt rom... Då må eg seie at eg tenkte mykje på dei som vert liggande i lengre periodar på mørke rom.

Heldigvis kom energien gradvis att.  Tysdag morgon vakna eg klokka sju etter ei trasig natt, la meg att og vakna opplagt klokka ni.  då var det gjort.  Eg kan berre slå fast at eg ikkje har vore så sjuk sidan millenniumskiftet. I etterkant kan ein og stille spørsmål ved om det er ein risikosport å klemme ei heil klasse ...
 
Ein ting som trega meg då eg vart liggande, var dei to kuftene eg skulle gjere ferdige.  Den grå hadde eg greidd søndag.  Systera mi si har eg litt meir att på.  I dag var dei lens for knappane eg vil ha i byen, så no vert ho ikkje ferdig før midt i juli uansett.

Dei blå blomstrane på bildet dukka opp i hagen min.  Eg kunne ikkje hugse kvar dei kom frå - heilt til eg såg dei på mora mi sin blogg i går.

søndag 19. juni 2016

Bok 26: Alex

Hvem kjenner egentlig Alex? Hun er vakker. Sexy. Tøff. Er det derfor hun er blitt kidnappet, innesperret og utsatt for det utenkelige?
Overbetjent Camille Verhoeven og hans menn famler i blinde: ingen mistenkte, ingen ledetråd, og håpet svinner fra time til time. Det eneste de vet, er at en kvinne er blitt revet vekk fra fortauet på en gate i Paris og kastet inn i en hvit varebil. Men når politiet finner ut av hvor hun har vært innestengt, er situasjonen langt ifra den de trodde.

'Alex' er thrilleren som får det til å gå iskaldt nedover ryggen din. Det handler om morderisk galskap og er drevet av en djevelsk logikk. Du legger den ikke fra deg.


Midt i andre CD-en på denne romanen lurte eg på om eg skulle legge han frå meg.  Orkar eg meir? Skal Alex verre innesperra i eit bur ventande på at rotter skal gnage på henne i 8 CD-ar til? Så tek romanen ei ny vending.  Fleire gonger når vi trur vi veit sanninga, dukkar det opp nye oppklaringar.  Det er vel typisk for ein thriller.

Denne romanen skil seg ut blant krimromanar.  Det er ein ekte pageturner. Og Alex vert ikkje oppeten av rotter.  Noko meir vil eg ikkje røpe.

torsdag 16. juni 2016

Avslutningfest

I kveld har tiandeklassingane hatt avslutningsfest. Det er alltid like flott å sjå dei ta imot vitnemåla sine. Dei har mykje å sjå fram til!

Denne nydelege buketten fekk eg av 10 C. Det set eg stor pris på. Og ikkje minst set eg pris på gode ord!

onsdag 15. juni 2016

Gratulerer Strikkemor(o)

I dag fyller yngste kusina mi på Eid 50 år. Gratulerer Hilde!

Eg trudde eg skulle finne eit bilde der vi sat og strikka saman, men det var dette med eldste kusina mi som dukka opp.

søndag 12. juni 2016

Gjerdsvika

 

I dag var vi inviterte på rømmegraut i godt selskap i flotte omgjevnader.  Sola skein til langt på kveld! Slike sommardagar ønskjer vi oss mange av!
 

Bok 25: De som fortjener det

 
 
                                         «Dette er ei bok som alle elskere av krim og spenning har fortjent. Den er annerledes. Overraskende. Rå, sort og vittig», skriver Ingvar Ambjørnsen for Dagbladet. Ted og Lily møtes tilfeldig i en flyplassbar på Heathrow. De skal begge ta nattflyet til Boston. Samtalen mellom dem utvikler seg raskt fra uskyldig flørt til dødelig alvor. Ted forteller om ekteskapet sitt som skranter - han har akkurat funnet ut at kona er utro. Det begynner som en halvhjertet spøk da han sier at han kunne tenke seg å drepe henne. Uventet svarer Lily at hun kan hjelpe ham.

Romanen er rett nok annleis.  Det er ikkje like lett å drepe utan å bli oppdaga! Romanen har fleire forteljarstemmer.  det er greitt, men litt forvirrande når det berre er ein opplesar. Eg kunne tenkt meg at fleire delte på den jobben, slik at kvinnestemma vart lesen av ei dame.

Elles var romanen spennande og underhaldande.  Eg hadde sans for slutten.

lørdag 11. juni 2016

Artig app

I dag fekk eg appen til å virke. Ein liten tur ute i hagen, og desse to sang i trea!

onsdag 8. juni 2016

Hareidstrimkart

Initiativet til gårsdagens tur vart tatt av ei som var ute etter å ta ein Hareidstrimpost.  Ho meiner jakta på postane er ein fin måte å bli kjent i nærområdet på. Eg ymta frampå då eg kom heim att om eg og kanskje burde skaffe meg eit kart - viss nokon stiller som turkamerat. I dag kom mannen heim med eit kart. Ein må ta tolv postar. Eg har no tatt to.

mandag 6. juni 2016

Gratulerer Olaug 19 år!

 I dag fyller Olaug, den yngste av borna, 19 år.   Det er ikkje mange som har tre storebrør! Om nokon lurer på om ei slik plassering i søskenflokker gjer ein til ei prinsesse eller ein tøffing, så er svaret; begge delar!
Det har ikkje vorte fotografering ved den gule rhododendronen slik vi plar.  Han blomstrar knapt enno. Bildet frå i fjor finn de her. og så kan ein klikke seg bakover.

Dei siste åra har ho feira stort, men i år går ho og trippar og ventar på å kome opp i munnleg eksamen.  I dag kom fleire av eventuelle gjester opp i mellom anna kjemi.  Det ligg an til historie eller biologi ein gong denne veka.

Vi ønskjer henne lykke til!

søndag 5. juni 2016

Bok 24: Et hardt slag

Lydbok nr. 15 i Jan Mehlums serie om advokat Svend Foyn.

På selveste 17. mai rystes den fredelige småbyen Tønsberg av et brutalt attentat midt i byen. Svend Foyns datter trekkes inn i anslaget gjennom kjæresten hun har truffet i Berlin, og mye tyder på at noen er ute etter henne. Samtidig forsvinner hennes kjæreste sporløst, og politiets hovedmistenkte ber Foyn om hjelp. Et farlig spill pågår, et spill der sannhet og rettferdighet er ofrene.

Sven Foyns jakt på sannheten blir ingen vanlig etterforskning, men en utfordrende reise i tid og rom. Saken bringer ham i kontakt med en politimann med uforståelig agenda, en sannhetssøkende maler i en spansk landsby, en avdanket overrettssakfører og en vakker advokat i Buenos Aires - alle er de brikker i et livsfarlig spill.


Denne romanen har eg hatt på øyret under reiser og ute i hagen.  Han er lettlesen (høyrd) og underhaldande. Sjølve krimgåta er noko meir avansert enn vanleg.  Eg set pris på humoren og sleivsparka i romanen.

lørdag 4. juni 2016

Årets blomstertur

I dag har M og eg vore på Nerlandsøya på Kvalsund gartneri og handla blomster. Det har vorte ein triveleg tradisjon.
Ein tur innom Madelynn Coffee høyrer og med! Blogglesarane får berre sjå eit par av krukkene førebels. 

torsdag 2. juni 2016

Skuletur

I dag sykla vi til Holesanden der det var lagt opp til ulike aktivitetar, mellom anna padling.

onsdag 1. juni 2016

Skvåsjnytt 2016

I går gjorde eg eit forsøk på å skrive innlegg på mobilen.  Eg hadde tatt nokre bilde på turen til Gardermoen der eg var på konferanse frå måndag til tysdag. innlegget ville ikkje publiserast.  Så no tok eg meg like godt ein snartur ut i hagen der eg planta ut eit par skvåsjplantar.  Veret her er mildt og vått, heilt ideelt for skvåsjdyrking.  Om det begynner å blåse, får eg legge på duk.
 
I morgon skal eg sykle bakarstpå tur til Holesanden saman med niandeklassingane medan tiandeklassingane er oppe i munnleg eksamen, ikkje i norsk og engelsk i år.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...