I går gjorde eg eit forsøk på å skrive innlegg på mobilen. Eg hadde tatt nokre bilde på turen til Gardermoen der eg var på konferanse frå måndag til tysdag. innlegget ville ikkje publiserast. Så no tok eg meg like godt ein snartur ut i hagen der eg planta ut eit par skvåsjplantar. Veret her er mildt og vått, heilt ideelt for skvåsjdyrking. Om det begynner å blåse, får eg legge på duk.
I morgon skal eg sykle bakarstpå tur til Holesanden saman med niandeklassingane medan tiandeklassingane er oppe i munnleg eksamen, ikkje i norsk og engelsk i år.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar