I ettertid har eg kome fram til at det må ha vore eit eller anna magevirus. Og når eg ikkje drikk kaffi, får eg dundrande hovudverk. Søndagskvelden tok eg meg kraftig saman og fekk kome meg på jobb for å føre inn karakterar. Det hadde ikkje dotte meg inn at eg ikkje skulle greie måndagen. Etter ein halv time på jobb måndag morgon svimla det for meg. Det var berre å kome seg heim att og legge seg i eit mørkt rom... Då må eg seie at eg tenkte mykje på dei som vert liggande i lengre periodar på mørke rom.
Heldigvis kom energien gradvis att. Tysdag morgon vakna eg klokka sju etter ei trasig natt, la meg att og vakna opplagt klokka ni. då var det gjort. Eg kan berre slå fast at eg ikkje har vore så sjuk sidan millenniumskiftet. I etterkant kan ein og stille spørsmål ved om det er ein risikosport å klemme ei heil klasse ...
Dei blå blomstrane på bildet dukka opp i hagen min. Eg kunne ikkje hugse kvar dei kom frå - heilt til eg såg dei på mora mi sin blogg i går.
Reknar med at du ser at dei blå blomstrane er ei litt foredla sort av skogstorkenebb. Eg fekk fire plantar av Sissel ein gong. Ho hadde kjøpt dei. Dei er vakre og villige, med ein nydelig farge. Etter mi meining. Men så er eg spesielt svak for blå blomster. Dessverre er begge riddarsporane mine ein saga blott.
SvarSlettEg tok dei først for å vere storknebb, så spratt dei ut og vart kjempeflotte! Sikkert hagevariant?
SlettSå trasig at du har vore sjuk!
SvarSlettMen godt du er på beina igjen og klar til Sommarferie!
Nyt den :-)
PS: svak for blå blomster eg også ;-)
Takk for det!
SlettDet er sunt å vere sjuk, så set ein større pris på å vere frisk!
Forresten er kofta veldig fin!
SvarSlettTrur ho skal bli fornøgd! Men knappane eg har tenkt ut, er prikken over i-en. Så dei må vi vente på!
SlettEg trur ho blir kjempefornøgd! Tenk, for ei gåve å få! Men du treng ikkje stresse - eg har ikkje tenkt å gå med kofte før skulestart ;)
SvarSlettEg stressar ikkje, men det er kjekt å få legge siste hand på verket. Det er ikkje typisk meg å ha liggande to prosjekt som ventar på montering. Så Amanda si skal eg ferdigstille så raskt som mogleg. Venstre stolpe er ferdig. Så må eg sy i knappar før eg gjer pirkearbeidet med å få knapphola på plass.
SlettBra du er på beina igjen og kan gå ferien godt i møte.
SvarSlettDu var kanskje sliten og lett tilgjengeleg for " basseluska " frå
fleire kantar i avskjedsrunda....
God sommar !
Det er heilt typisk meg å bli sjuk i feriar. Då ungane var små, var det nærast som ein vane. Så lenge ein stressar på, held ein seg frisk ...
SlettGod sommar til deg og!