torsdag 23. desember 2010

Bok 59: Ei hjelpande hand

Eg likte den førre kriminalromanen til Trude Teige relativt godt. Denne romanen er med same "detektiv", journalisten Kajsa Coren.  No skriv ho frå sjukeheimsmiljø der eldre vert tekne av dage.  Dette er mindre interessant enn behandlinga av barneheimsbarn etter mitt syn.

Privatlivet til journalisten kalla eg klisjéaktig, og det står eg på.  Ein får assosiasjonar til Liza Marklund, berre at ho meistrar det så mykje betre. Kajsa  heng ut ein utru politikar, og er sjølv utru.  Her vert det litt mykje amerikansk "overforklaring".

Likevel liker eg det eg les.  Det er heilt grei underhaldning.  Men boka manglar det er vil kalle x-faktor.

Opplesaren spelar litt meir enn eg set pris på.  Eg ønskjer bøkene opplesne, ikkje  spelt.  Når ein person hyler til dømes, treng ikkje opplesaren hyle det personen seier.  Tolke vil eg helst gjere sjølv.

Blogglesarane får lese boka og gjere seg opp si eiga meining.

2 kommentarer:

  1. Eg har lese berre ei bok at TT og den likte eg godt. Det du skriv om opplesarane er eg heilt samd i.Eg las ein gong for lenge sidan nokre bøker der opplesaren "spelte" alle rollane. Det er utruliig slitsomt, og eg aner ikkje til dags dato kva bøkene handla om. Då er det betre slik dei gjer i somme bøker at dei brukar fleire opplesarar.

    SvarSlett
  2. Eg les så mykje krim at eg vert kresen. Det som vert omsett til norsk og lese inn på lydbok, har gått gjennom fleire nålauge. Norsk krim vert derfor ei eiga klasse, og dette er temmeleg middels etter mi meining. Men eg kjem nok til å lese neste bok om det kjem ei.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...