mandag 27. desember 2010

3. juledag

 I dag har vi vore med å arrangere julefest på bedehuset.  På føremiddagen pynta karane juletreet og vi to damene handla og pynta bord.  Der var varmt og godt i salen.  me då vi skulle sette koppar på borda, oppdaga vi at vatnet var frose.  Heldigvis rann der kaldt vatn i to kranar, og toaletta virka.  Men røra til oppvaskmaskina og kaffimaskina var tette.  Vi var snare å handle pappbeger og papptallerkar.  Kaffitraktarar tok vi med heimanfrå.  Festen gjekk fint, og oppvasken har aldri gått så raskt!
I morgon startar romjulsmoro for borna i familien.  Grendacupen har si eiga side for dei som vil følgje med.

1 kommentar:

  1. Det har vore relativt sløvt her i dag, men i morgon skal vi på butikk og bibliotek.
    Skulle kose oss med TV i dag, men dei to programma som var aktuelle gikk på samme tid-på kvar sin kanal.
    Godt at det gikk bra på festen til tross for diverse problem.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...