I mars skreiv eg at eg gjerne ville lese Fasandreperne, denne boka som kjem etter Kvinnen i buret. Først no har eg fått tak i ho. Det er innleveringsfrist i morgon, og eg veit at krimkompisen min er ute etter den, så i dag har eg lese dei siste 100 sidene.
De kan lese om boka og sjå filmklipp på Bokkilden.
Det er mange ting eg liker med boka. Der er ei skikkeleg mordgåte som vert nøsta opp. Denne avdelinga som vert kalla Q, og som har vorte plassert i ein kjellar, skal løyse gamle saker. Men der er og spennande og "grusome" handlingar i samtida. Spenningskurva går jamnt oppover mot slutten av boka, og vi får ein skikkeleg topp til slutt. Personane og miljøa er godt skildra. Og det er spesielle personar og miljø. Favoritten min er når han skildrar sossemiljøet i Danmark. Avdeling Q har fått ein ny medarbeidar, sekretæren Mona.
Eg har vore inne på bokkilden og gitt denne boka toppkarakter.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar