Dronninga tek visst bilde av alle bord som vert dekte på slottet. Når eg legg ut bilde av kjøkenbordet mitt, så er det ikkje utan ein viss porsjon sjølvironi. Eg ser for meg dei to damene i golfbilen som ser i blad og seier "vanlig, vanlig". Ja, her er det vanleg, og slik eg liker det.
I dag hadde eg lyst å vise fram sviblane mine. Eg kjøpte 10 stk på Mestergrønn for 10 kr stk. Dei er nesten finast før dei har sprotte ut. Stetteglasa tok eg ned frå hylla for å få dei køyrt gjennom oppvaskmaskina før julaftan. Så fekk det bli litt raudt og grønt i dag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar