Viser innlegg med etiketten dessertar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dessertar. Vis alle innlegg

torsdag 14. mai 2015

Polentapudding

I går kom ein utrangla og avmagra ung mann heim på perm.  Eg kom på at eg kunne lage ein litt mettande dessert, nemleg polentapudding.  Han kunne fortelje at han hadde fått semulepudding i går.  Slikt smakar vel godt etter ei veke med små rasjonar og nokre boksar makrell i tomat. Det smakar no godt for oss andre og ...
 
Oppskrifta på polentapudding og semulepudding er den same, berre med ulike gryn.
 
Ein kan gjerne bruke to heile egg i desserten.  Eg nytta høvet til å lage ein pavlovabotn.  Dessverre fekk han same lagnaden som brøda eg steikte førre helg: Dei vart svarte under.  Anisbrøda eg steikte i dag, berga eg.  Men no må eg nok til å vurdere ny komfyr opp mot reparasjon.
2 1/2 dl polenta
2 l mjølk (H-mjølk svir ikkje så lett i botnen)

4 eggeplommer
4 ms sukker
mandeldropar om ein liker det

  1. Kok graut av polenta og mjølk.
  2. Ta til side og ha i eggeplommer og eventuelt mandeldropar.
  3. Avkjøl.
Server med raud saus.

onsdag 4. desember 2013

Pikekyss

Her om dagen fekk frøkna så lyst til å lage pikekyss.  Ho hadde funne nokre oppskrifter på nett, men eg overtalte henne til å prøve oppskrifta frå den nye kokeboka vi fekk til skulekjøkenet "Kokeboka mi". Ho forma dei ganske små, så det hadde vore nok å lage av to eggekvitar og 150 g sukker. Eventuelt kunne ein sett dei noko tettare, for dei heva ikkje noko særleg. Dei berre tørka.

Har ein eggekvitar til overs, er dette ein fin måte å få brukt dei på.
3 eggekvitar (romtempererte gir best resultat)
225 g sukker
eventuelt konditorfarge

  1. Set steikeomnen på 70-90 grader og dekk ei steikeplate med bakepapir.
  2. Skil egga.Ta vare på plommene,.
  3. Pisk eggekvitane stive med miksar.  Tilset sukkeret litt etter litt til alt rt brukt opp og massen er blank og seig.
  4. Vil du farge massen med konditorfarge, tek du eit par dråpar i ei teskei før du vender han inn i marengsmassen ved hjelp av slikkepott.
  5. Fyll marengsmassen i ein sprøytepose og sprøyt uy toppar på eit bakepapir. Du kan og bruke ei teskei til å lage toppar.
  6. Lat marengsen tørke i steikeomnen i 2-3 timar.
Marengtoppar kan ein legge lagvis med frosen rips (ev skogsbærblanding), vaniljekrem og krem. Det er yndlingsdesserten til ein her i huset.


lørdag 14. september 2013

Plommer i krydderlake

Bær i krydderlake har vorte ein klassikar i familien. Til frosne bær kokar ein berre laken og heller han over dei. Plommene må kokast.  Då koker eg berre krydder og vatn først, slik at kryddera får gi frå seg smak.  Så har eg i sukker og plommer.  Sukkeret løyser seg opp og plommene får koke til dei er møyre. For at det ikkje skal bli for mykje lake, koker ein plommene i to porsjonar.Ein kan sjølvsagt hermetisere plommene på denne måten. Fortvil ikkje om du ikkje har alle kryddera. Alle kan sløyfast, kanskje utanom anisen.
5 dl vatn

2 heile anis
3 nellikspikarar
1 kanelstong
5 kardemommefrø - eg brukte grøne
1 vaniljestong eller 1 ts ekte vaniljesukker

3 dl sukker

1 - 1 1/2 kg plommer

1. Kok vatn og krydder i ca 15 minutt. Ta ut/sil vekk kryddera.
    (Du kan ta vare på kryddera og legge dei oppi att i ein sil eller liknande.)
2. Ha i sukker og kok opp.
3. Ha i omtrent halvparten av plommene.  Kok dei møyre.
4. Kok resten av plommene.
5. Avkjøl.

Server gjerne med krem: Pisk 1 pk fløyte tilsett 1 ts ekte vaniljesukker.
Vaniljeis smakar sjølvsagt godt til.

mandag 27. mai 2013

Grunnlovsdessert steg for steg

 Eg trur at dessertar laga med potetmjølsjamning hel på å forvinne frå norske bord.  Grunnlovsdessert er ein litt finare variant enn den gammaldagse sviske- eller rabarbrakompotten.  I går laga eg dobbel oppskrift, så hadde vi att til måndagsdessert med mjølk på.  Grunnlovsdessert vert det når ein legg kompott, vaniljekrem og fløytekrem lagvis.
1 pk svisker
4 1/2 dl vatn
300 g rabarbra
2 dl sukker

3/4 dl vatn
1 1/2 ms potetmjøl (= 4 1/2 ts)
 1. Kok svisker og vatn medan du skrellar og kuttar rabarbraen.  Ha i rabarbra og sukker og kok til rabarbraen og sviskene  er møyre.
 2. Rør ut potetmjølet i kaldt vatn i eit 1/4 dl-litermål eller ein kopp.  Ta panna til side. Hell jamninga i panna i ein tynn stråle medan du rører.
 3. Set panna attende på plata. Desserten er ferdig kokt når den første bobla kjem.
4. Ha kompotten i ei glasskål.  Dryss på 1 ts sukker for å unngå snerk.

Du kan no bruke ferdigkjøpt vaniljekrem eller lage din eigen. I fløytekremen bruker eg 1 ts ekte vaniljesukker til 1 pk kremfløyte.

onsdag 27. mars 2013

Sjokoladepudding

Inspirasjonen til dagens dessert kom eigentleg på facebook.  Eg såg at nokon hadde laga det og kom til at det er lenge sidan eg har laga den populære desserten.  Eg kalla det dagens dessert.  Eigentleg hadde eg tenkt å servere han i morgon, men så gjekk ein av karane forbi grytene og vart så skuffa då  han kunne tenkt seg sjokoladepudding i dag.  Og kva gjer då mor? Ho lagar sjølvsagt ei skål til!  Oppskrifta er tatt frå Ingrid Espelid si bok "20 år i fjernsynkjøskjøkkenet".  Måla der er på strøkne ss.   Det opererer vi ikkje med på skulekjøkenet i 2012.  No er det måleskeier som gjeld.  Eg har og rekna oppskrifta om til 1 l mjølk.  Som de kanskje ser har eg dobla oppskrifta i dag - to gonger.

Det er like lett å koke sjokoladepudding som å koke kakao.
 1 dl maisenna
1 dl sukker
3/4 dl (5 ms) kakao
1 l mjølk
2-3 ts vaniljesukker
Blans først saman dei tørre ingrediensane (ev. unnateke vaniljesukker).  Rør inn litt kald mjølk og rør til glatt røre.  Spe med resten av den kalde mjølka.  Kok opp.
 Gi blandinga eit oppkok.  Småkok i 2 minutt før du har puddingen i ei skål.

Server sjokoladepudding med vaniljesaus.  Eg har gjort det enkelt og kjøpt Piano.  Krem er også godt til.

I mi gamle oppskrift står det at ein skal ha i vaniljesukker til slutt.  Den regelen meiner eg ikkje gjeld om ein bruker ekte vaniljesukker.


mandag 18. mars 2013

Appelsinris

Kva er vel meit "typisk skulekjøken" enn appelsinris?  I den nye kokeboka har dei utelate desserten, men vi lagar han likevel!  Bildet er eit elevarbeid.  Heime kan ein gjerne bruke risrestar.  

Appelsinris

½ dl ris
2 dl vatn

2 appelsinar
1 ms sukker
1 ½ dl kremfløyte

1.     Kok risen i 20 minutt.

2.     Slå gryna i ein mjølsikt og skyl sei under kaldt vatn.                                                                     
Lat vatnet renne av.

3.     Skrell appelsinane, del dei i båtar og skjer eller klipp båtane i bitar.

4.     Bland ris, appelsinbitar (lat nokre av dei vere att til pynt) og sukker.

5.     Visp fløyten (elektrisk handmiksar) til krem og bland han forsiktig i risblandinga.  Pynt med appelsinbåtar.

søndag 13. januar 2013

Vaniljesaus

Dette er ei enkel oppskrift på vaniljesaus.  Ho er henta frå kokeboka for mat og helse i ungdomsskulen.  Der står at ein kan sløyfe egget, bruke eit heilt egg eller to eggeplommer. Det siste gir best resultat. For å få vellykka resultat er det også viktig med ekte vaniljesukker eller vaniljestang.

Det er ikkje vanskeleg å lage vaniljesaus frå botnen av.  Ein skal berre blande ingrediensane og varme opp sausen til rett under kokepunktet.  Ein må røre heile tida og passe på å ta sausen frå plata og helle han rett i muggen før han kokar og skil seg.

Om blogglesarane vil velje anna sukker, er det berre å prøve seg fram.
2 eggeplommer
2 1/2 dl mjølk
2 ts sukker
2 ts maisenna
1 ts  ekte vaniljesukker

Visp alle ingrediensane i ein kjele (ikkje aluminiumspanne og metallreiskap).  Varm opp til kokepunktet.
Avkjøl sausen.

Tips: Pisk 1 dl kremfløyte og bland inn i kald saus.

Eg laga dobbel porsjon vaniljesaus i dag som eg serverte til gele laga av 2 pk gele med 500 g frosne jordbær i.  

lørdag 29. desember 2012

Solveigs Smash-is - steg for steg

Til konfirmasjonen i år fekk eg ei nydeleg kake, nemleg ei Smash-iskake. I dag har eg ikkje laga nøttebotnen, berre isen, for eg har tenkt å servere den med kransekake attåt.  Som de veit, liker eg ikkje å lage små porsjonar, så eg laga av ein stor pakke fløyte.  Oppskrifta er laga med utgangspunkt i ei dajmiskakeoppskrift.
 Du treng:
7 1/2 dl kremfløyte

2 dl sukker
8 eggeplommer

1 ms pulverkaffi+2-3 ms kokande vatn

1 pk knust Smash

 Start med å koke pulverkaffi.
Kle 2 former 1 1/2 l med plasfolie.  Plastremsa må vere så lang at du kan dekke isen oppå også.

 Knus Smashen.  Her kan du bruke plastpose og kjevle.
Skil egga.  Eg tok vare på 4 eggekvitar i to glas.  Då kan eg lage marengsbotnar til nyttår om eg vil.
Pisk kremen mjuk, litt mindre stiv enn til blautkake.  Eg har både plast- og stålbolle og to vispar.
 Pisk eggedosis av eggeplommer og sukker.  Her må du ha heilt rein reiskap.
Bland ingrediensane forsiktig saman.  Bruk slikkepott!
Fordel massen i formene.  Dekk med plastikk.  Set formene i frysaren.  Når du tek isen opp frå frysaren, er det lett å gjerne plasten.

Ha isen på eit fint fat.  Pynt gjerne med friske bringebær og eventuelt Smashsjokolade.

mandag 3. desember 2012

Appelsindessert

Utgangspunktet for gårsdagens dessert var ein pakke sure appelsinar.  Så sure var dei, at dei hadde vorte liggande i kjøleskåpet eit par veker.  For å bli kvitt dei, skar eg appelsinane opp i halve skiver og strødde sukker og kanel på.  Enklare og raskare kan det vel knapt gjerast. Vi åt desserten med yoghurt til.

fredag 13. juli 2012

Polentapudding

 Polentapudding er ein gamaldags mjølkepudding.  Den kan kokast etter same oppskrift som semulepudding.  Eg kjøpte polenta på Sunnmøre Folkebutikk.  Utlendingar synest gjerne det er merkeleg å bruke polenta til dessert.  Her i familien er det i alle fall populært med puddingar.
2 l mjølk
2 1/2 dl polenta

1. Kok opp mjølk og polenta medan du rører.
    Lat det koke til grauten er tjukk.
4 ms sukker
(4 eggeplommer - ev. 2 egg)
6-8 mandeldråpar eller 1-2 ms vaniljesukker

2. Pisk saman eggeplommer og sukker.  (I gamle oppskrifter er det ikkje eggeplommer.
    Men dei gjev god smak og konsistens.)
3. Ta grauten til side og ha i eggeblandinga og mandeldråpar eller vaniljesukker.
4. Ha puddingen i ei skål som tåler varme.
5. Dryss gjerne 1 ts sukker på toppen.

Server med raud saus.

Raud saus

 Raud saus er godt til mjølkepuddingar og riskrem til dømes.
2 dl saft
3 dl vatn
1 ms potetmjøl

Rør saman saft, vatn og potetmjøl i ei panne.
Kok opp.  Ha sausen i ein mugge.
Tips: Ha gjerne ei sitronskive i sausemuggen.  Det gjev ein frisk saus, og når du tek den ut, følgjer snerken med.

søndag 27. mai 2012

Vedunderleg vaniljekrem

Dei unge mennene og eg har funne eit TV-program som vi ser saman, i opptak sjølvsagt, nemleg 4-stjerners middag.  Dei kosar seg med kommentarane til skodespelaren og dei fortvila utropa til kokken.  Eg prøver i tillegg å plukke opp nokre matlagingstips.

I dag brukte Andrine Flemmen Piano vaniljekrem.  Sjølv synest eg at ferdigkjøpt vaniljekrem og vaniljesaus er heilt OK.  Men det gjorde ikkje kokken!  Det er sååå mykje betre å lage kremen sjølv.  Det er år og dag sidan eg har laga heimelaga vaniljekrem, må eg innrømme.  Eg fann ei oppskrift i Sverre Sætre si kakebok som eg brukte som utgangspunkt.  Eg brukte litt mindre sukker, og eg kunne tenkt meg den endå mindre søt.
2 vaniljestenger (2 ts (?) ekte vaniljesukker om du ikkje har stenger på lur)
(Skrap ut vaniljen, men legg alt i mjølka)
4 dl H-mjølk
1 1/2 dl kremfløyte
1 dl sukker

Kok dette litt i ei panne med tjukk botn. (Ikkje aluminium +metallreiskap)

I ein bolle (eg brukte glaslitermål) har du:
1 dl H-mjølk
4 ms maisenna

Pisk lett saman før du har i:
4 eggeplommer


Hell den kokande mjølka over i bollen med maisenna/mjølk/eggeplommer medan du rører.  Så har du alt tilbake i panna medan det kokar opp.  Kok i eit minutt under omrøring.  Ta ut vaniljestengene og ha kremen i ein bolle.

Eg prøver å produsere minst muleg oppvask når eg lagar mat(åra utan oppvaskmaskin sit vel i), så eg hadde kremen attende i litermålet. Det er lurt å legge plastfolie ned på kremen for å unngå snerk.


I dag serverte eg vaniljekremen til rabarbragraut.  Karane ville ha vanleg krem også.  På spørsmål om vaniljekremen var betre enn Piano, fekk eg til svar: "Mykje betre!"


Rabarbragraut

I dag gjorde eg eit nytt forsøk på å lage rabarbragraut.  Rabarbraen min er svært stor og flott i år, så det gjekk med berre 1 1/2 stilk! Eg tok av det ytterste skalet.  Gjer ein det, vert grauten grøn. Er stilkane små, kan ein bruke dei utan å skrelle dei. I dag vart eg godt nøgd med resultatet.

 Dei som eig ei raudruta kokebok, kan berre ta fram retteblyanten ...

700 g reinsa rabarbra
4 dl vatn

2 dl sukker

2 1/2 ms potetmjøl
litt kaldt vatn

1. Skyl, reins og del rabarbraen i bitar.
2. Kok rabarbraen møyr i vatnet.

Eg ventar som regel med å ha i sukkeret, for etter at du har det i, kokar mat lett over.  Pass på!

3. Ha i sukker.
4. Rør potetmjølet ut i litt kaldt vatn og rør jamninga på i ein tynn stråle.
5. Gi grauten eit raskt oppkok.
6. Hell rabarbragrauten i ei glasskål.  Dryss på 1 ts sukker.

Server med mjølk, fløyte, vaniljesaus, krem og/eller vaniljekrem.

tirsdag 3. april 2012

Sikker suksess

I morgon ventar eg storinnrykk.  Vi vert minst 15 til bords.  Kva skal ein servere til dessert som både born og vaksne liker?  Eg har kome fram til at born set som regel størst pris på is. Dei vaksne vil vel gjerne ha noko attåt.  Så no kokar eg sukkerlake av 4 dl vatn, 4 dl sukker og diverse krydder: Vaniljestenger, kanelstenger, stjerneanis, nokre nellikspikrar og eit par kardemommefrø. Dei er eg litt usikker på, så eg starte forsiktig.  Eg kjøpte ein pakke kardemommefrø på Sunnmøre Folkebutikk.  Denne laken skal eg helle over 4 pakkar skogsbærblanding.  Oppskrifta fann eg her.

Viss nokon lurer på kvifor eg ikkje sit og ser krim, så er det fordi dei har kjøpt seg ein fotballkamp og kopla datamaskina til fjernsynet.  Det skal ikkje øydelegge for opptaka av Whitechapel og Forhandleren, seier dei.

lørdag 3. mars 2012

Tutti-frutti-kompott

I den nye raudruta kokeboka frå 2010 såg eg ein freistande dessert, nemleg tuttifruttikompott.  Desserten er presentert med eit flott bilde.  Eg kunne ikkje hugse å ha sett den i 1986 utgåva, men der tok eg feil.
I kjøleskåpet hadde eg både rikeleg med pærer, eple og nokre sure plommer.  Kanelstenger kjøpte eg på halv pris etter jul ...

Eg starta med å koke dobbel porsjon med lake.  Dette dekte ikkje dobbel porsjon med frukt (Plommene var store, så eg dobla ikkje der.), så eg kokte frukta i to porsjonar med minste mengde sukker og litt sitronsaft.  No har eg smakt på både lake og frukt.  Det var litt surt!

På skulekjøkenet sluttar eg som regel av med å spørje elevane kva dei har lært i dag.  Eg trur det er viktig for dei å seie at dei har lært å lage noko.  Av og til seier nokon kva dei har lært at dei ikkje skal gjere.  I dag har eg lært at eg må ha litt meir sukker i tuttifruttien!  Eg kjem til å servere vaniljeis til i staden for krem.  Elles vil eg prøve med fleire krydder i.  Heil anis i laken ville vel bli godt?

fredag 2. mars 2012

Sjokoladefromasj

I kokeboka som niandeklassingne får, er der ikkje så mange dessertar.  Der er ein fromasj, nemleg med sitron.  Den er populær.  Eg har laga oppskrift på ein sjokoladefromasj med appelsinjus (Vi pressar appelsinar.).  Denne liker også elevane godt. Heime ville eg ha gonga oppskrifta med tre og brukt heile sjokoladeplata.  Eg har også merka meg at ungdomane stort sett liker lys kokesjokolade.  Sjølv liker eg best mørkast muleg. Bildet er frå skulekjøkenet.





Sjokoladefromasj

3 plater gelatin

2 egg
1 ½ ms sukker

2 ms kokande vatn

¼ plate kokesjokolade

2 ms appelsinjuice

1 dl kremfløyte


1.    Legg gelatinplatene i bløyt i kaldt vatn i eit ½-litermål av stål.
2.    Kok opp litt vatn i ei lita stålpanne.
3.    Riv sjokoladen.
4.    Visp eggedosis av egg og sukker.
5.    Pisk fløyten til mjuk krem.
6.    Klem vatnet godt ut av gelatinen og løys han i 1 ms kokande vatn.
7.    Rør gelatinen (tynn stråle!) inn i eggedosisen med slikkepott.
8.    Rør forsiktig inn sjokolade og appelsinjuice.
9.    Bland forsiktig inn kremen til slutt.
10. Ha fromasjen i ei dessertskål og set han i kjøleskåpet til 
              servering.

torsdag 21. juli 2011

Bærsaus

 Eg driv og lagar noko eg kallar "rydderettar" for tida.  Eg ryddar i skåp og fryseboksar.  Konklusjonen er at om eg skal få det ryddigare, må eg ha færre ting.  Treng ein til dømes å ha sagogryn i huset til ei kvar tid?
 I staden for den vanlege saftsausen ville eg lage ein saus av friske bær.  Eg fann ca 700 g jordbær i åkeren.  Desse mosa eg saman med 1 dl melis og 1 dl vatn.
Sausen vart nydeleg!  Men eg synest ikkje den passa så godt til sagopudding.  Den tok for mykje merksemd. Den er sikkert nydeleg til is - og kanskje til riskrem?

søndag 17. juli 2011

Bærdessert

 Slike pakkar med bær får ein attpå vaniljeis på Prix denne månaden.  Det har lett for at slike dealar heller vert mer til overs.  No fann eg nokre slike pakkar med bær i frysaren.  Eg kom på ein dessert venninna mi bruker å lage med krydra sukkerlake.  Eg fekk oppskrifta, men laga ein mindre porsjon.  Dette gjorde eg i går kveld.
 Til kvar pakke bær rekna eg 1 dl sukker og 1 dl vatn.  Kryddera var vaniljestang, kanelstang, nellikspikrar og heil stjerneanis.  Her får ein finne sin eigen formel.  Eg skal ha i meir anis neste gong, for den smaken liker eg godt!  Sukkerlaken fekk koke i minst 15 minutt.
Eg hadde laken over bæra. Kryddera fekk ligge i sikten.  Det finst sikkert smartare patentar, men denne funka.

Eg serverte vaniljeis til i dag, men både krem og vaniljekrem smakar nok godt til.

No er det nok ikkje lenge til vi kan plukke bær i hagen!

mandag 13. juni 2011

Rabarbra- og aprikoskompott

Denne oppskrifta er i utgangspunktet det same som denne, men halvert, altså ca 1 liter. 
1 pk aprikosar
250 g rabarbra, i bitar
4 1/2 dl vatn

2 dl sukker

1 1/2 ms potetmjøl
3/4 dl vatn

1. Kok aprikosane møyre.  Det går fortare om du har bløytlagt dei.  Ha i rabarbrabitane og kok til dei er møyre.
2. Ha i sukker.  (Eg bruker å ha i sukkeret og passe panna.  Går ein frå panna med sukkeret i, kan det lett  koke over).
3. Rør ut potetmjølet i kaldt vatn.  Ta panna til side og ha i jamninga.
4. Set desserten attende på panna.  Den er ferdig på få sekund.   Avkjøl.

Rabarbra- aprikoskompott kan serverast med mjølk, fløyte eller vaniljeaus, eller du kan gjere som på bildet; legge lagvis kompott, vaniljekrem (Piano) og krem.





fredag 3. juni 2011

Vaniljeis

Vi er i full gang med førebuing til fjortisfest.  Eitt av ønska var heimelaga is.  Her kjem oppskrifta som vi bruker.  Enklare kan det ikkje gjerast!  Oppskrifta er til ei form på 1,8 l, men den er lett å minske eller auke.
1. Pisk stiv eggedosis av
5 eggeplommer
5 ms sukker (eller mindre)
1 ms ekte vaniljesukker

2. Pisk mjuk krem av
5 dl fløyte


Bland saman eggedosis og krem forsiktig med ein slikkepott og hell dette i forma.  Set i frysaren.

Eg rører ikkje i denne isen, men det kan ein vel gjere om ein vil.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...