Bær i krydderlake har vorte ein klassikar i familien. Til frosne bær kokar ein berre laken og heller han over dei. Plommene må kokast. Då koker eg berre krydder og vatn først, slik at kryddera får gi frå seg smak. Så har eg i sukker og plommer. Sukkeret løyser seg opp og plommene får koke til dei er møyre. For at det ikkje skal bli for mykje lake, koker ein plommene i to porsjonar.Ein kan sjølvsagt hermetisere plommene på denne måten. Fortvil ikkje om du ikkje har alle kryddera. Alle kan sløyfast, kanskje utanom anisen.
5 dl vatn2 heile anis
3 nellikspikarar
1 kanelstong
5 kardemommefrø - eg brukte grøne
1 vaniljestong eller 1 ts ekte vaniljesukker
3 dl sukker
1 - 1 1/2 kg plommer
1. Kok vatn og krydder i ca 15 minutt. Ta ut/sil vekk kryddera.
(Du kan ta vare på kryddera og legge dei oppi att i ein sil eller liknande.)
2. Ha i sukker og kok opp.
3. Ha i omtrent halvparten av plommene. Kok dei møyre.
4. Kok resten av plommene.
5. Avkjøl.
Server gjerne med krem: Pisk 1 pk fløyte tilsett 1 ts ekte vaniljesukker.
Vaniljeis smakar sjølvsagt godt til.
Og så no.....når vi ikkje har meir plommer att. Sikker på det smakar himmelsk-for den laken er god.
SvarSlettOpps, for dei plommene kokte eg lake på ...
SlettEg hadde ikkje tronge å lage sylte.
SvarSlettEg kokar laken til bær dagen før, og siler den over bæra når den er kald. DÅ "blør " ikkje bæra så mykje.
Det har eg og gjort. Ein sparer også kjøleskapsplass ...
SlettDette ser godt ut.
SvarSlettEg er så tradisjonell og har ikkje tilsett
krydder i mine nedlagde plommer.
Takk for tipset !
Ungane i familien liker godt krydderlake . Anis smakar vel lakris.
Slett