søndag 29. september 2013

Rettehelg



 I dag har eg drive heimeundervisning i tillegg til å ha fått retta unna eit par bunkar. Heimeundervisninga var andre del i leksjonen kjøtkaker.  Studenten greidde det sjølv i dag.  Han har kome fram til same konklusjon som eg gjorde då eg måtte lage min eigen mat: Vil eg ete god mat, må eg lære meg å lage det.

Så strauk eg ein duk og pynta med lyngen eg vann i går.  Heretter skal han pynte opp ute.
 I serviettsamlinga mi fann eg desse serviettane.  Eg trur eg kjøpte dei på Nille i fjor.
Før eg sette meg ned, gjekk eg ein tur rundt vatnet.  Markane er grøne medan skogen raudnar og gulnar.  Elles er det mange svarte får ute og går.

3 kommentarer:

  1. Ja, skal tru kva dei pønskar på, alle dei svarte fåra... Også hos meg har rettebunken blitt litt mindre i løpet av helga, men ikkje så mykje som eg hadde tenkt. Blir som regel slik...

    SvarSlett
  2. Ja, eg hadde tenkt å begynne på det meir kreative arbeidet. Men eg har heldigvis litt tid i morgon.

    SvarSlett
  3. Jammen var du heldig med gevinstene i går.
    Flere flotte ting. Og så den flotte dukka med
    masse fine klær. Ikke verst det.
    Alltid greit å ha litt servietter å ta av.
    Fine høstmotiv på disse.
    Eldste sønn har bodd for seg selv noen år,
    og er blitt flink til å lage seg god mat.
    jeg kan nok ikke ta så mye av æren for det,
    Men litt har han nok lært hjemme også :)
    Ha ei herlig ny uke :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...