I dag stakk eg innom TrådKråa på vegen til stemmelokalet. Der stod det mange kasser med garn og mønster. Eg var spent på om heftet som skulle kome ut i veke 37, var kome til butikken. Det var det! Genseren som eg hadde lyst å strikke er den oppe til venstre. Den er i Mitu, eit garn eg har blitt glad i å strikke.
I heftet er der mange fine mønster til damer og menn. Eg ser ikkje vekk frå at eg kan finne på å strikke fleire frå dette heftet.
Og tek eg ikkje feil, så er ein av modellane ein tidlegare elev?
De kan sjå alle mønstera på raumaull.no
Noko lang valnatt vert det ikkje på meg. Eg slit framleis med forkjøling og nedsett yteevne. Søvn er nok den beste medisin.
Om nokon av blogglesarane lurer på korleis det har gått med dei andre strikkeprosjekta mine, så kan eg love at dei vil kome på bloggen snart. Det er berre knappane som står att.
Dette heftet har jeg ikke sett i butikkene, her var det utrolig mye fint! Takk for inspirasjon!
SvarSlettHeftet kom ut valdagen. Eg hadde bladd i det på nett og gått og venta på det.
SvarSlett