lørdag 28. september 2013

Basarlykke

 I dag var eg på den årlege basaren.
 Eg hadde vunne dei heller tradisjonelle gevinstane, og var fornøgd med det, før det var trekning på bøkene.  Eg hadde berre tatt lodd på den eine, ho med dukka i.  Det har eg gjort i mange år og fleipa med at eg alltid har ønska meg den. Eg sat i heilt andre tankar under trekninga og heldt omtrent på å dette av stolen då namnet mitt vart opplese.
 Så måtte eg altså bli 50 først.  Skal tru kven som skal leike med denne?
 Frøkna har ei brun Baby Born med mange fine sett som mor mi har strikka.
Det er ingen småjenter i slekta no, men det håper eg det vil kome ein dag.  Dette er ting som står seg.

3 kommentarer:

  1. Det var jammen litt av ein gevinst. Slik eg drøymde om i heile min barndom.

    SvarSlett
  2. Ja, ein slik gevinst er det mange som har drøymt om! Gratulerer!

    SvarSlett
  3. Eg skal innrømme at når der er fleire bøker, tek eg lodd på dokka... Eg veit det er barnsleg...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...