mandag 31. oktober 2011

Fletteloff

Det er prøveveke på skulekjøkenet.  Elevane vert testa i hygiene,dei energigjevande næringsstoffa og så baker dei fletteloff.  Alle som flettar ei fin seksflette, få 5 på den ferdige loffen. Det satsar dei fleste på, så eg reknar med at det vert ein del baking rundt om i heimane.  Frøkna så seg fornøgd i går med loff 3 og 4.

Fletteloff

½ pk gjær

1 ms margarin
2 dl mjølk

½ ts salt
1 ts sukker
Ca 5 dl kveitemjøl



  1. Del gjæren opp i ein bakebolle.
  2. Smelt margarinen i ei panne. Ta panna til side og tilset mjølk (blandinga skal vere fingervarm/37 grader.
  3. Slå blandinga i bakebollen og rør ut gjæren.
  4. Rør inn salt (og sukker).
  5. Tilset kveitemjøl og elt deigen glatt og jamn.
  6. Dekk bakebollen med lok/arbeidstallerk/plast og lat deigen heve til dobbel storleik.

Utbaking:
  1. Set steikeomnen på 220 grader.
  2. Du kan no velje om du vil flette 6-flette eller ei tjukk 3-flette med ei tynn 3-flette på toppen.
  3. Hev fletteloffen til dobbel storleik,ca 25 minutt.
  4. Steik fletteloffen i 20-25 minutt.
  5. Avkjøl brødet på rist.
Eg synest det fungerer godt å ha prøve i tre timar.  Elevane lagar først deigen og viser den til meg.  (Dei får berre den delen av oppskrifta som er i ruta, altså ingrediensane.)Då startar teoriprøva delprøve 1.  Deretter flettar dei loffen slik dei vil, før dei tek delprøve 2.  Oppvask og vurdering til slutt.  Eg dokumenterer gjerne med bilde.  Eitt punkt skal eg forandre, nemleg på punkt 3.  Dei har ein tendens til å bruke lang tid på å hakke og røre ut gjæren.  Det ordnar seg medan dei har i salt og sukker.  Tempoet er som regel ikkje så høgt ...


For ordens skuld: Eg er ikkje lærar til eigne born.

søndag 30. oktober 2011

Årets lengste dag

 Eg liker ikkje vintertid!  Ikkje fordi eg ikkje liker å få ein ekstra time ein søndag i oktober.  Ein ekstra time kan ein vel tenkje seg kvar einaste søndag? Eg er ingen morgonfugl, så eg kan godt tenke meg å stå opp seinare.  Men det eg ikkje liker, er at det vert så tidleg mørkt.  Det er ikkje dagslys uansett når eg går på jobb, men på heimvegen kan eg få det nokre dagar til.

Blogglesarane får seie kva dei meiner i meiningsmålinga til høgre.

I dag inviterte eg journalisten på middag halv to, noko som ikkje vart så tidleg som det høyrest ut, før han køyrde til Molde for å dekke kampen der.  Neste søndag skal han dekkje cupfinalen.  Det høver vel godt at den kampen er lagt til farsdag ...  Menyen i dag var ikkje så spennande: Svinekotelettar og hermetisk frukt til dessert.  Meir gamaldags kan det vel ikkje bli.
 Med tidleg middag rakk eg ein tur rundt vatnet før det vart mørkt. Det bles litt, men elles var det fint ver.  Som de ser, skal vi få stig langs elva frå sentrum heilt fram til golfbana, Rotary står for dette.  Eg gler meg til å kunne gå på denne vegen i staden for langs hovudvegen.

lørdag 29. oktober 2011

Eplekake

Familien har begynt å nyte godt av frøkna sine mat og helsetimar.  Her om dagen slo ho til med ei eplekake.  Ho fann oppskrifta s. 138 i Kokeboka: kokebok for alle Frå bollar til burritos.  Denne boka finst rundt om i alle heimar.  Eg synest kanskje der er litt mykje mjølk i oppskrifta.  Her i huset må alle oppskrifter doblast:

Langpanne 20x30 cm

4 egg
3 dl sukker

6 skrelte eple
1 dl hakka hasselneter (kan sløyfast)
2-4 dl rosiner(kan sløyfast)
8 ms flytande margarin
3 dl lettmjølk

6 dl kveitemjøl
3 ts bakepulver
2 ts kanel

1. Pisk eggedosis av egg og sukker.
2. Set til eple, neter, rosiner, margarin og mjølk.
3. Sikt på det tørre.  Bruk slikkepott og bland til ei klumpefri røre.
4. Slå røra i ei form.
5. Steik ved 175 grader i ca 1 time.

Dagens tips: Frøkna hadde lært av læraren at ein kunne blande eplebåtar og kanel i ein pose i staden for å ha kanelen i røra.  Det fungerte godt.
Elles insisterte ho på å bruke flytande Vita Hjertego'.  Det er sunt, men smørsmak er betre ...
At eplebåtane ikkje er lagt i fint mønster, er mi skuld. Eg ville ha kaka ferdig til dessert.

Meiningsmålinga Stem på den finaste votten, er avslutta


Vott med raud tråd
  6 (19%)
 
Vott med roser
  15 (48%)
 
Kattevottar
  9 (29%)
 
Vott med stjerner og kvister
  1 (3%)
 

Stemmer hittil: 31
Meningsmåling stengt 


Blogglesarane har kåra vott med roser til den finaste votten eg har strikka.  Vottane er akkurat passelege til meg sjølv ...

Kattevottane har også fått mange stemmer.  Eg håper frøkna vil bruke dei mykje og ta godt vare på dei!

fredag 28. oktober 2011

Handlerunde i Hareid

 I dag skulle frøkna hente ein pakke i posten.  då passa det fint å kike innom den nye interiørbutikken.  Der var fine ting, men eg liker å sjå først og så eventuelt handle seinare.  Eg er vel det ein må kalle mindre enn middels interessert i interiør.  Sjølvsagt liker eg fine ting, men eg ser vel helst etter ein bruksverdi.

Turen gjekk til den andre enden av handlegata.  Frøkna fekk studere bunadssølvet på E-design.  Bunaden heng ferdig, så det høver godt å ønske seg sølv til jul. Sist eg var innom såg eg på desse "bordskånerane".  I dag kjøpte eg to.
I går fall eg for freistinga til å kjøpe to av desse fairtradebukettane på coop.  Dei har tilbod på 3 for 69.  Den tredje tingen var 4 kg poteter.  Ein kan ikkje ta heilt av heller.

God helg til alle blogglesarane!

torsdag 27. oktober 2011

Sunn pizza

På skulekjøkenet lagar vi pizza denne veka.  Skepsisen er stor blant enkelte på denne sunne varianten - til dei har smakt pizzaen.  Slike kjøtsausar er ein fin måte å få i born grønsaker på.  Ein kan sjølvsagt buke magrare variantar av kjøtdeig og ost om ein vil.  Fleire grønsaker som selleri, skvåsj og paprika høver også godt. På skulekjøkenet må vi ta omsyn til økonomien.   Denne oppskrifta er skriven for ungdomsskuleelevar.

Pizza

Gjærdeig:
½ pk gjær
2 dl vatn, 37 grader
½ ts salt
2 ms (oliven)olje

2 dl sammalen kveite
ca 3 dl kveitemjøl


  1. Smuldre gjæren i ein bolle.  Ha i lunka vatn olje og salt.
  2. Tilset mjøl og elt deigen glatt og jamn.  Set til heving.


Kjøtsaus

1 liten løk, finhakka
200 g kjøtdeig
1 ms olje til steiking

1 fedd kvitløk
½ boks hermetiske tomatar
1 gulrot, finriven
1 ms tomatpuré
2 ts pizzakrydder
½ ts salt
½ krm pepar

  1. Steik løk og kjøtdeig.
  2. Ha i dei andre ingrediensane og lat kjøtsausen koke minst 10 min.

150 g riven ost

Lag pizza:

  1. Smør ei bakeplate med olivenolje.
  2. Kjevle deigen like stor som bakeplata.
  3. Fordel kjøtfyllet på leiven.
  4. Ha på 150 g riven ost.
  5. Dryss gjerne litt basilikum på toppen.
  6. Steik pizzaen på 225 grader i 15-20 minutt.

onsdag 26. oktober 2011

Gratulerer Rasmus!

 I dag kan vi gratulere bror min med 47-års-dagen!  Eg har av og til funne fram gamle bilde for å glede fødselsdagsbarn i familien.  I dag kjem ein dokumentasjon på korleis og kor tid bror min vart så glad i å feriere i Sverige.  Nokre år har alle vi tre søskena møttest der.  Bilda er tatt med eit gammalt instamatic-kamera som eg arva.  Året er 1977.  Tidskoloritten er nok meir interessant enn kvaliteten på bilda.
 Teltet der vi som oftast overnatta, eit såkalla hustelt, meiner eg vi lånte av onkelen min.
 Men det hende at vi unnte oss den luksusen å leige oss inn på ei campinghytte.  For kvart år som gjekk, vart det færre overnattingar i telt og fleire i hytter.
 Badminton mellom telta var ein vanleg aktivitet.  Eg kan ikkje hugse så mange leikeplassar den tida.
Turen må ha gått til Falun og Mora det året.

Vi ønskjer deg ein fin dag - og mange fine ferieturar i åra som kjem!

tirsdag 25. oktober 2011

25. oktober

 I dag er det 25. oktober og vi kan gratulere onkelen min, Eidabesten, med 70.årsdagen!
 Eg kan tenkt meg at veret har vore noko varierande på fødselsdagane hans.  I dag har her vore sommartemperaturar medan i fjor hadde vi snø.
I hagen finn ein både vår- og sommarblomster.

Naboen nedanfor oss spurde om eg hadde sett dei fine gule rosene mine.  Sanninga er at eg går bort og kikar på Peacerosa mi dagleg.  No er der ei att.

mandag 24. oktober 2011

Spøtemøte

Om nokon har sakna meg her på bloggen, så har eg altså vore på strikkekafé, no også kalla spøtekveld.

Det har vore mykje snakk om jul i butikkane på facebook og anna.  Takk for Halloween som gir oss ei lita utsetjing, seier no eg.

Men det er ikkje for tidleg å kjøpe juleblad om ein skal lage noko til jul.  Før unnte eg meg alltid eit juleblad eller to.  Dei siste åra har eg gått over til å kjøpe bøker.  Blad vert helst liggande å slenge medan bøker kjem i hylla.  Det eg skal kjem kanskje på bloggen.  No må ikkje slekta forvente seg heimelaga julegåver.  Prosjektet er nemleg noko til meg sjølv.

Oppvasktvoga hekla eg i stavar etter idé frå Tove.  Eg synest eg hekla så laust at eg la opp nokre fleire maskar.  Det angra eg på, men no får den vere som den vart.  Den får pynte springen til jul kanskje?

søndag 23. oktober 2011

Vott med lappeteppemønster

 I går festa eg trådane på desse vottane.  No skal eg ha ein strikkepause, trur eg. Kor lang den blir, vil tida vise.
 Eg var litt usikker på om eg likte manskjettane på desse vottane, så eg valde å lage holmønster.  Det var mykje brukt på damevottar.
Også i dette mønsteret hadde det snike seg inn ein feil.  Elles så er der ikkje mønster til baksida av tommelen, så det må ein finne ut av sjølv.  Eg synest eg har fått det bra til, men "beint" vert det ikkje.

Om de ikkje har gjort det før, kan de halde fram å stemme på den finaste votten nokre dagar til.

lørdag 22. oktober 2011

Skuffefyll

 Eg veit ikkje korleis det er i andre sine kjøkenskuffer, men i mine har lett for å bli fylte med meir eller mindre nyttige dingsar.  I dag tok eg fram ein eg ikkje har brukt siste åra.  Den stammar nok frå eit Tupperwareparty frå 80-talet ein gong der den var ei slik gåve som alle får. Kva skal ein kalle dingsen, ikkje eggdelar, men kanskje eggskiljar?  Den fungerte fint, men ein gjer det like lett på gamlemåten.  Eg synest det er lurt å bruke det eg kallar skulekjøkenmetoden når ein kakkar egg.  Då legg ein egget inni handa og bruker ein kniv til å kakke over egget.  Når ein skal ha heile egg, er det ikkje noko problem å kakke egget på kanten av bollen.  På skulekjøkenet vert det liggande litt for mange egg på benken om ein bruker denne metoden ...
 Eg rigga meg til med ein pakke egg.  Mi erfaring er at det er lurt å ha kontroll på talet på egg.  Det er lett å kome ut av teljinga.  Dei to kakebotnane laga eg ein deig til.  Såleis kunne eg hatt alle eggeplommene i eitt glas.  Men marengsbotnane laga eg med ein halvtimes mellomrom.
Slike former finst det vel mange av rundt om i heimane.  Mi er i alle fall velbrukt.  I går frakta vi pizza i den, i dag Kvæfjordkake.

No for faren og frøkna for å ta dagens dugnadsinnsats.  Gutane skal på opprykksfest i Eliasløa. Eg ser fram til ein herleg kveld i eige selskap!

fredag 21. oktober 2011

Bok 52: Flaskepost fra P

Flaskepost fra P er tredje boka i serien der avdeling Q løyser saker, helst gamle, men hendingar i notida er gjerne knytta til dei.  Denne avdelinga med namn tatt langt ute i alfabetet, er oppbygd av Carl Mørch, ein politimann ein helst vil stue vekk.  Han har vore ute for ein skyteepisode der ein politimann vart drepen og ein annan hardt skadd.  For å ufarleggjere Carl Mørch gir ein han nokre rom i kjellaren av politihuset, og lèt han få nokre gamle saker politiet har gitt opp. Han får ein assistent, Assad, som vi aldri vert heilt kloke på, og ei kontordame Rose.  Det geniale med avdeling Q er at politiet får tilført store ressursar til drift av den, men så kostar den nesten ingen ting å drifte.

Dette er pageturnerar i ordet si rette tyding. Dei to første las eg papirutgåvene av. No fekk eg tak i lydboka av den tredje.

Kvinnen i buret meiner eg var ei krimbok i særklasse.  Krimgåta i Fasandreperne synest eg ikkje var like spennande. Så eg var spent på den tredje.  Eg veit ikkje om forfattaren har fått dårlegare kritikkar for den andre, slik at han har tenkt å gjere desse til skamme.

I Flaskepost fra P er det ikkje berre ein innestengd person, for å seie det slik.  Mordaren er så utspekulert i måten han vel sine kidnappingsoffer på, at han ikkje vert meld. Mykje foregår i lukka religiøse sekter i Danmark. Forfattaren greier å bygge opp interessante personlegdomar. Også Rose viser nye sider av seg sjølv.

Det er annleis å lytte til desse bøkene.  Opplesaren må tolke Assad si stemme, og tek på den måten vekk litt av det mystiske.  Men vi veit enno ikkje kven eller kva han er.

Elles vil eg gje eit stort pluss til språket.  Som blogglesarane veit, set eg pris på eit frodig språk.  Her er ironi og sarkasmar så det held.  Assad har fått sine eigne metaforar.   Når kona vil attende til Carl Mørch, veit han råd.  Han betaler stesonen for å finne ein annan mann til mora, så han kan sleppe unna.  Måten dette er skildra på, har eg verkeleg sansen for!

Dette er bøker eg vil anbefale for krimelskarar.  Vil du ha størst muleg utbytte av dei, les dei i rett rekkjefølgje!

Å takle travle tider

 Det er full action i bygda for tida.  Akkurat no sit 1000 personar og lyttar til Sissel Kykjebø.  Kor mange som er på fotballkamp for å sjå Hareid spele opprykkskamp mot Langevåg, veit eg ikkje i skrivande stund.  Det kan hende eg rekk bortom dei siste minutta.  Ein får håpe der er god stemning.

Kvifor eg sit her? Jau eg har eit par pizzaer å steike til Ten Sing som skal ha hallo-venn-party, eller kva dei no kallar det.

I morgon skal eg bake to kaker til stemnefesten.  Der har eg jobb som kakeseljar for skulekorpset.  Eg melde tidleg inn to Kvæfjordkaker.  Det er ikkje dobbelt arbeid å lage to like kaker.  Kvæfjordkaker bruker å gå med.  På butikken var der ikkje ein einaste pakke vaniljekrem, så eg tok dei to siste med romkrem i staden.  Det bør gå bra når ein ser bildet på framsida.

For eit par dagar sidan fekk eg spørsmål om å stå i kiosken på ungdomsfesten søndag.  Då melde eg pass!  Der går inntektene til Kvite Bussar.  Ein tener inn til sitt eige barn sin tur.  Då er det og lettare å gi jobben til andre.
Ein biverknad av stor aktivitet, er at eg no er i mål med dytt.  men eg får vel berre vandre vidare ...

torsdag 20. oktober 2011

Biff på ein torsdag

 Dette får bli eit innlegg under "mat i travle tider". Av og til går eg meg på slike datotilbod på biff.  Då slår eg ofte til.  Biffen er best når han nærmar seg utgått på dato.  I dag prøvde eg og eit produkt eg ikkje har sett før, coop "asiatiske" wokgrønsaker til 18-19 kroner.  Arbeidet med wok  er reinse og kutte grønsaker.
 Då wokblandinga kom i panna, tenkte eg at det hadde ikkje vore mykje arbeid å skore opp ein brokkoli, for det var hovedingrediensen.  Kaninane ville og ha likt den løysinga betre!
 Med litt soyasaus og søt chilisaus i panna, vart dette ein god og lettvint middag.  Eg serverte ris til.
Og så kom frøkna heim med ein fletteloff frå skulekjøkenet.

onsdag 19. oktober 2011

Mat- og helsebloggar

Ein blogglesar har vore på kurs med denne dama.  Eg legg bloggen hennar i blogglista mi, slik at de kan kike innom henne!

tirsdag 18. oktober 2011

Dei siste

 Nattefrosten har ikkje gjort kål på det som blomstrar enno.  Dette er den "gamle" peacerosa mi som eg ikkje hadde trudd skulle kome att.  No står ho med to roser!
 Rosa eg kjøpte på coop då eg kjøpte hekkplantane, strekkjer seg mot blå himmel i dag.


 Honningknoppurte gir seg ikkje.  Eg kan plukke inn frå vår til haust!
 Nokre av krukkene står fine.  Eg kjem aldri så langt at eg kjøper lyng.  Der er alltid noko som står att frå sommaren.
Snøbær.

mandag 17. oktober 2011

Jack The Ripper



Denne veka står Jack the Ripper på engelskplanen.  I dag fann eg denne 13 minutt lange filmen på YouTube. Den repeterer og utfyller teksten i boka  godt, meiner eg.

søndag 16. oktober 2011

Bruk av brødbakemaskin

 Eg veit at det står mange lite brukte brødbakemaskiner rundt om i heimane.  Mi tredje av same slag er i bruk kvar einaste dag, om eg då ikkje bakar etter andre metodar.

Ein kan bruke sine eigne oppskrifter. Det er greit å prøve dei i heftet først. Sjølv gjekk eg raskt over til å bruke fersk gjær i staden for tørrgjær.

I går laga eg ein pizzadeig med 1/4 pakke vanleg gjær og olivenolje. Eg har funne ut av forholdet mellom væske og mjøl er ca 2 1/2 dl mjøl til 1 dl væske.
 Der er eige program som heiter pizzadeig.
 Deigen kan heve i maskina, eller ein kan ha han over i ein bolle med olivenolje.  I går heva eg deigen i same bollen som grytebrødet.  Når deigen har heva, er det lett å trykke han ut med hendene.
 I staden for å vaske forma, noko eg sjeldan gjer, la eg nokre linfrø i bløyt.  Bløytlagde linfrø gir mjuke brød, og kroppen kan gjere seg nytte av dei.
 I dag baka eg med snøggprogrammet.  Då bruker eg 1/2 pk gjær, 3/4 ts salt, 4 dl lunken væske og ca 10 dl mjøl, av dette er 75% grovt.  I tillegg hadde eg i eit lite egg.
Maskina knar deigen ca 15 minutt.  Bildet er tatt i byrjinga.  Klumpen vert glattare etter kvart.
Etter 1 time og 48 minutt er brødet ferdig!  Det held seg varmt i maskina i ein time - om ein ikkje tek det ut med ein gong.

Fordelen med å bake i maskin er at ein slepp å passe på heving og steiking.  Ein kan til dømes gå seg ein tur rundt vatnet, som eg gjorde i dag.  (Så fekk eg sagt det.)

lørdag 15. oktober 2011

Å kjenne deig selv ...

 ... eller eltefritt grytebrød - igjen.
 Kokeboksamlinga mi har vorte utvida med ei ny av Andreas Viestad.  Trumf lokka med halv pris på ein haug med kokebøker på Libris.no.  Mine siste trumfpoeng gjekk med.
Det som er kjekt med kokebøkene til Viestad, er at der er mykje å lese.  Dei som kjenner han frå Magasinet i Dagbladet, veit at han også er ein ordkunstnar.  Sidan det såg ut for meg at vi har like gryter, fekk eg lyst til å lage brødet hans som er på 1 kg mjøl, ikkje 750 g som eg brukte sist.  Han skriv at forholdet mellom mjøl og væske bør vere 10 til 8.
Grytebrød etter inspirasjon frå Viestad:
 I går kveld rørte eg saman:
1 kg kveitemjøl
2 ts salt (Viestad seier 20 g)
8 dl vatn
2 ts tørrgjær (Her kjem Viestad med sine tilrådingar)
 Eg bruker ein tallerk til å dekke deigen med.
 Til i dag hadde den heva godt.  Eg bretta den nokre gonger på eit mjølstrødd bakepapir.
 Deretter hadde eg rikeleg med mjøl i bollen og lar brødet heve vidare der.  Så dekte eg med kjøkenhandduk og plastnett.
Brødet skal heve og få store bobler.  Mitt heva ca 1 1/2 time.  Den siste halvtimen stod gryta i omnen på 220 g for å bli varm.
Som de ser, bruker eg rikeleg med mjøl.  Då var det berre å velte brødet over i gryta, sette på loket og la brødet steike 1/2 time på 220 grader.
 Det er alltid spennande å ta av loket!  Brødet mitt fekk steike litt meir enn 15 minutt utan lok?

Og smaken?  Brødet vert merkeleg nok litt søtt.  Her fekk ikkje brødet kolne før nokon kasta seg over det!  Eg skar av ein skalk og naut den med berre smør.

Det er mykje kjemi i ein slik prosess.  Det er mykje liv i ein gjærdeig.  Så det gjeld, som Viestad seier, å kjenne sin deig.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...