fredag 21. oktober 2011

Bok 52: Flaskepost fra P

Flaskepost fra P er tredje boka i serien der avdeling Q løyser saker, helst gamle, men hendingar i notida er gjerne knytta til dei.  Denne avdelinga med namn tatt langt ute i alfabetet, er oppbygd av Carl Mørch, ein politimann ein helst vil stue vekk.  Han har vore ute for ein skyteepisode der ein politimann vart drepen og ein annan hardt skadd.  For å ufarleggjere Carl Mørch gir ein han nokre rom i kjellaren av politihuset, og lèt han få nokre gamle saker politiet har gitt opp. Han får ein assistent, Assad, som vi aldri vert heilt kloke på, og ei kontordame Rose.  Det geniale med avdeling Q er at politiet får tilført store ressursar til drift av den, men så kostar den nesten ingen ting å drifte.

Dette er pageturnerar i ordet si rette tyding. Dei to første las eg papirutgåvene av. No fekk eg tak i lydboka av den tredje.

Kvinnen i buret meiner eg var ei krimbok i særklasse.  Krimgåta i Fasandreperne synest eg ikkje var like spennande. Så eg var spent på den tredje.  Eg veit ikkje om forfattaren har fått dårlegare kritikkar for den andre, slik at han har tenkt å gjere desse til skamme.

I Flaskepost fra P er det ikkje berre ein innestengd person, for å seie det slik.  Mordaren er så utspekulert i måten han vel sine kidnappingsoffer på, at han ikkje vert meld. Mykje foregår i lukka religiøse sekter i Danmark. Forfattaren greier å bygge opp interessante personlegdomar. Også Rose viser nye sider av seg sjølv.

Det er annleis å lytte til desse bøkene.  Opplesaren må tolke Assad si stemme, og tek på den måten vekk litt av det mystiske.  Men vi veit enno ikkje kven eller kva han er.

Elles vil eg gje eit stort pluss til språket.  Som blogglesarane veit, set eg pris på eit frodig språk.  Her er ironi og sarkasmar så det held.  Assad har fått sine eigne metaforar.   Når kona vil attende til Carl Mørch, veit han råd.  Han betaler stesonen for å finne ein annan mann til mora, så han kan sleppe unna.  Måten dette er skildra på, har eg verkeleg sansen for!

Dette er bøker eg vil anbefale for krimelskarar.  Vil du ha størst muleg utbytte av dei, les dei i rett rekkjefølgje!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...