søndag 2. oktober 2011

Banankake

 Det var ei som sa til meg at cupcakes er "noko for meg".  Då kjenner ho ikkje meg, for å seie det sånn.  Her i huset er det skuffekaker og dobling som gjeld.  Når vi først et kaker, er vi mange og vi et mykje.  No er det ferie, og vi ventar innrykk.

I dag fekk eg lyst til å lage banankaka i Smalhans.  Oppskrifta ligg også på nett.  Eg dobla oppskrifta.  Det vil seie eg brukte litt mindre sukker, 5 dl til 4 store egg.  Vi ein ha ein mindre søt eggedosis i ei oppskrift, kan ein ha litt mindre sukker og litt meir egg.
Eg bruker å begynne med å sette på omnen å lage klar forma.  Deretter måler eg opp alle ingrediensane.  Smøret smelta eg i mikrobølgjeomnen.  Bananane mosa eg med stavmiksar.  Etter at eggedosisen er ferdig, går eg over til å røre med ein slikkepott, slik at ikkje lufta går ut av røra att.

Eit siste husmortriks: Bruk gode ingrediensar.  Kaker et ein sjeldan, så då kan ein unne seg ekte smør.  På skulekjøkenet gjorde vi eit eksperiment ein gong.  Der var ein elev som ikkje tolte mjølk og smør.  Så vi baka tre ulike brownieskaker, ei med olje, ei med margarin og ei med smør.  Sjølv i ei kake med så mykje kakao, er det stor skilnad på smaken.  Kaka bakt med smør vart klart best, sjølv for dei som "ikkje liker smør".  Ekte vaniljesukker er også "eit must".  Eg har prøvd ulike, Cemo sitt er klart best om ein ikkje lagar sjølv då. Ein får kjøpt det mellom anna på Til Bords på Blåhuset i Ulsteinvik.

5 kommentarer:

  1. Euroshopper sin flytande margarin er mjølkefri, og har noko "smørsmak". Den er den beste eg har brukt til mjølkefrie brownies. No huskar eg ikkje kven som har Euroshopper, er det ICA/Rimi, kanskje? Men ordentleg smør er best, ja.

    SvarSlett
  2. Og ein annan ting: Brukar ein olje i staden for smør/margarin må ein for all del bruke litt salt i tillegg. elles vert smaken heilt daud.

    SvarSlett
  3. Eg trur Rema 1000 har Euroshopper. Der er eg ein gong i halvåret, for å seie det slik.
    Einig med det siste også sjølvsagt.
    Banankaka vart nydeleg - med meierismør og ekte vaniljesukker.

    SvarSlett
  4. hm, kaka så veldig god ut men så ingen fullstendig oppskrift. ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Sjekk koblinga til AltGodt med raud skrift.

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...