torsdag 13. oktober 2011

Bok 51: Anger

På Bokkilden kallar dei det ein genistrek å erstatte krimhelten Erlendur Sveinsson med yngre kollegaer.  Der veit eg ikkje om eg er heilt einig.

Der er to parallelle krimgåter i boka.  Den eine er eit drap av ei kvinne som ein meiner har utsett menn for utpressing etter at ho har forført dei.  Den andre saka er ein mann som hemnar seg på ein overgripar.  Spesielt denne siste saka kunne forfattaren gjort meir ut av.

Etterforskinga fokuserer ein del på økonomisk kriminalitet.  Som vi veit, lånte slendingane  pengar og levde over evne ein periode.

Elles må eg innrømme at eg synest at skildrinane av Sigridur Oli sitt privatliv, grensar til "dameromanar".  Det vert noko klisjéprega og føreseieleg.

Men for all del, dette er grei underhaldning.

1 kommentar:

  1. Eg likte ikkje denne boka, heller ikkje den førre. Viss ikkje Erlendur kjem tilbake, kan du ha Indridason for meg. Det eg likte med bøkene hans, var dette litt gammalmodige, med trådar tilbake til fortida.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...