mandag 10. oktober 2011

Saras nøkkel - boka og filmen (Bok 50)

Klasse 10 A hadde lese Gutten med den stripete pysjamasen og sett filmen i niande.  Det kom eit forslag om å lese ei anna bok som omhandlar jødane sin lagnad under 2. verdskrig.  Filmen Saras nøkkel er aktuell, sjølv om nokre hadde sett han før.

Vi tok oss ikkje tid til å lese meir enn halve boka.  Handlinga vekslar mellom 1942 og 2002.  Vi las det meste  frå 1942.

Blogglesarane veit omtrent kva eg synest om denne type litteratur.  Før kalla ein det litt nedsettande for kiosklitteratur.  No ser eg flyplasslitteratur vert brukt.  Det rette er vel å kalle det underhaldningslitteratur, og den kan vere god eller dårleg.  Boka er lettlesen.  Eg las halve på ein ettermiddag i haustferien.

Forteljinga frå 1942 er spennande og god.  Her held forfattaren seg til faktiske hendingar under 2. verdskrig i Frankrike.  Ho set søkelyset på franskmennene si deltaking i deportasjonen av jødane i Paris. Dette går også godt fram i filmen.

Historia i notid har eg vanskelegare for å svelgje.  Eg kunne ha kome med mange døme.  Ektemannen får eg lyst til å gi eit kakk i hovudet.  Filmen er mykje snillare mot han enn boka.  Dei siste kapittela frå 2004 eller 2006, kunne etter mi meining ha vore kutta vekk, i det minste delar av dei.

I det heile likte eg filmen betre enn boka.  Filmen har luka vekk dei verste klisjéane. Regissøren er ein mann, kanskje det er derfor?

Eg trur nok at dette er ei bok og ein film som jenter på 15+ vil like?

4 kommentarer:

  1. Eg hadde sansen for boka, men "Gutten med den stripete pysjamasen" er betre. No har eg kjøpt serien "Holocaust", som gjekk på TV i vår barndom. Den held seg relativt godt.

    SvarSlett
  2. Eg er av same meining som du,Solveig, både når det gjeld filmen og boka. Meir er det ikkje å seie om den saka(frå mi side).

    SvarSlett
  3. Jeg er virkelig ikke noe lesehest, og kan ikke huske sist gang jeg leste en bok helt ut. Starter fint, men avslutter etter en titalls sider. Men denne.. har ikke ord! Klarte ikke legge boka fra meg og på noen dager var den utlest. Boka er fantastisk! Felte et par(eller kanskje hundre..) tårer underveis, og jeg har ennå de fæle bildene i hodet av de umenneskelige hendelsene. En bok jeg anbefaler på det varmeste. Dessverre er jeg midt i en fordypningsoppgave i norsk der jeg er nødt å sammenligne boken med filmen.. vil så gjerne beholde mine egne bilder og som oftes er filmen en skuffelse. Har du forresten noen tips/problemstillinger man kan ta for seg når man sammenligner bok og film? Takk på forhånd!
    Fin blogg forresten :)

    SvarSlett
  4. Eg ser du er 15 år, så det forundrar ikkje meg at du likte boka. Det er ei slukebok! Eg ville ha sett på skilnader mellom bok og film. Synsvinkel, verkemiddel. Sjekk basisboka di i norsk om verkemiddel i film!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...