Kokeboksamlinga mi har vorte utvida med ei ny av Andreas Viestad. Trumf lokka med halv pris på ein haug med kokebøker på Libris.no. Mine siste trumfpoeng gjekk med.
Det som er kjekt med kokebøkene til Viestad, er at der er mykje å lese. Dei som kjenner han frå Magasinet i Dagbladet, veit at han også er ein ordkunstnar. Sidan det såg ut for meg at vi har like gryter, fekk eg lyst til å lage brødet hans som er på 1 kg mjøl, ikkje 750 g som eg brukte sist. Han skriv at forholdet mellom mjøl og væske bør vere 10 til 8.
Grytebrød etter inspirasjon frå Viestad:
I går kveld rørte eg saman:1 kg kveitemjøl
2 ts salt (Viestad seier 20 g)
8 dl vatn
2 ts tørrgjær (Her kjem Viestad med sine tilrådingar)
Eg bruker ein tallerk til å dekke deigen med.
Til i dag hadde den heva godt. Eg bretta den nokre gonger på eit mjølstrødd bakepapir.
Deretter hadde eg rikeleg med mjøl i bollen og lar brødet heve vidare der. Så dekte eg med kjøkenhandduk og plastnett.
Brødet skal heve og få store bobler. Mitt heva ca 1 1/2 time. Den siste halvtimen stod gryta i omnen på 220 g for å bli varm.
Som de ser, bruker eg rikeleg med mjøl. Då var det berre å velte brødet over i gryta, sette på loket og la brødet steike 1/2 time på 220 grader.
Det er alltid spennande å ta av loket! Brødet mitt fekk steike litt meir enn 15 minutt utan lok?
Og smaken? Brødet vert merkeleg nok litt søtt. Her fekk ikkje brødet kolne før nokon kasta seg over det! Eg skar av ein skalk og naut den med berre smør.
Det er mykje kjemi i ein slik prosess. Det er mykje liv i ein gjærdeig. Så det gjeld, som Viestad seier, å kjenne sin deig.
Spennande informasjon og inspirasjon!
SvarSlettGodt stemne :-)
Vi har sett litt på Viestad når vi er på KOngsberg, vi har ikkje BBC. Her kjøper vi brød for tida+ at eg har Ingers.
SvarSlettHåper at folk får lyst til å prøve!
SvarSlett