fredag 28. oktober 2011

Handlerunde i Hareid

 I dag skulle frøkna hente ein pakke i posten.  då passa det fint å kike innom den nye interiørbutikken.  Der var fine ting, men eg liker å sjå først og så eventuelt handle seinare.  Eg er vel det ein må kalle mindre enn middels interessert i interiør.  Sjølvsagt liker eg fine ting, men eg ser vel helst etter ein bruksverdi.

Turen gjekk til den andre enden av handlegata.  Frøkna fekk studere bunadssølvet på E-design.  Bunaden heng ferdig, så det høver godt å ønske seg sølv til jul. Sist eg var innom såg eg på desse "bordskånerane".  I dag kjøpte eg to.
I går fall eg for freistinga til å kjøpe to av desse fairtradebukettane på coop.  Dei har tilbod på 3 for 69.  Den tredje tingen var 4 kg poteter.  Ein kan ikkje ta heilt av heller.

God helg til alle blogglesarane!

2 kommentarer:

  1. Fine bordskånerar og flotte blomar :-)

    God helg!

    ps: eg har alltid raspa gulrot og ananas i Pizzaen (kvar laurdag i maaaange år) I dei seinare åra har eg hatt litt grovt mjøl i botn ;-)

    SvarSlett
  2. Ananas vert gløymt her, men det er godt!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...