torsdag 27. oktober 2011

Sunn pizza

På skulekjøkenet lagar vi pizza denne veka.  Skepsisen er stor blant enkelte på denne sunne varianten - til dei har smakt pizzaen.  Slike kjøtsausar er ein fin måte å få i born grønsaker på.  Ein kan sjølvsagt buke magrare variantar av kjøtdeig og ost om ein vil.  Fleire grønsaker som selleri, skvåsj og paprika høver også godt. På skulekjøkenet må vi ta omsyn til økonomien.   Denne oppskrifta er skriven for ungdomsskuleelevar.

Pizza

Gjærdeig:
½ pk gjær
2 dl vatn, 37 grader
½ ts salt
2 ms (oliven)olje

2 dl sammalen kveite
ca 3 dl kveitemjøl


  1. Smuldre gjæren i ein bolle.  Ha i lunka vatn olje og salt.
  2. Tilset mjøl og elt deigen glatt og jamn.  Set til heving.


Kjøtsaus

1 liten løk, finhakka
200 g kjøtdeig
1 ms olje til steiking

1 fedd kvitløk
½ boks hermetiske tomatar
1 gulrot, finriven
1 ms tomatpuré
2 ts pizzakrydder
½ ts salt
½ krm pepar

  1. Steik løk og kjøtdeig.
  2. Ha i dei andre ingrediensane og lat kjøtsausen koke minst 10 min.

150 g riven ost

Lag pizza:

  1. Smør ei bakeplate med olivenolje.
  2. Kjevle deigen like stor som bakeplata.
  3. Fordel kjøtfyllet på leiven.
  4. Ha på 150 g riven ost.
  5. Dryss gjerne litt basilikum på toppen.
  6. Steik pizzaen på 225 grader i 15-20 minutt.

2 kommentarer:

  1. Eg synest det er godt med salat og ev.dressing til pizza. Det brukar vi som oftast heime. I Sverige er det meir vanlig enn her.

    SvarSlett
  2. Salat er sunt og godt. Men eg er skeptisk til feit dressing til ... Det treng den sjølvsagt ikkje vere.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...