Familien har begynt å nyte godt av frøkna sine mat og helsetimar. Her om dagen slo ho til med ei eplekake. Ho fann oppskrifta s. 138 i Kokeboka: kokebok for alle Frå bollar til burritos. Denne boka finst rundt om i alle heimar. Eg synest kanskje der er litt mykje mjølk i oppskrifta. Her i huset må alle oppskrifter doblast:
Langpanne 20x30 cm
4 egg
3 dl sukker
6 skrelte eple
1 dl hakka hasselneter (kan sløyfast)
2-4 dl rosiner(kan sløyfast)
8 ms flytande margarin
3 dl lettmjølk
6 dl kveitemjøl
3 ts bakepulver
2 ts kanel
1. Pisk eggedosis av egg og sukker.
2. Set til eple, neter, rosiner, margarin og mjølk.
3. Sikt på det tørre. Bruk slikkepott og bland til ei klumpefri røre.
4. Slå røra i ei form.
5. Steik ved 175 grader i ca 1 time.
Dagens tips: Frøkna hadde lært av læraren at ein kunne blande eplebåtar og kanel i ein pose i staden for å ha kanelen i røra. Det fungerte godt.
Elles insisterte ho på å bruke flytande Vita Hjertego'. Det er sunt, men smørsmak er betre ...
At eplebåtane ikkje er lagt i fint mønster, er mi skuld. Eg ville ha kaka ferdig til dessert.
Skulle gjerne hatt ei slik frøken sjølv!
SvarSlettSidan eg fekk tak i dei store amerikanske muffinsformene fredagskvelden, - vert det nok eplemuffins - men ideen med kanel og eple i pose - den tek eg med meg!
Ja, folk har sikkert sine eigne eplekakeoppskrifter. Det å la eplebåtane ligge i kanel anbefaler eg!
SvarSlett