onsdag 12. oktober 2011

Mat og helse

 Då faget skifta namn frå heimkunnskap til mat og helse, fekk vi kjøpe nye lærebøker.  Eg valde denne læreboka, nemleg "Takk for mat", fordi ho inneheldt mest ernæringslære.  Først synest eg denne boka var rotete med mange tabellar, bilde og faktaruter.  Men så tenkte eg at det er vel omtrent slik ei side på nettet ser ut.  Det er slik ungdommane møter informasjon.

Eg meiner at ernæringslære også burde inn på fleire liner eller program på vidaregåande, i alle fall som valfag.  I niande er mange for umodne til å forstå at vala dei gjer, har konsekvensar for seinare helse, kanskje også livskvalitet.

Denne veka er temaet karbohydrat. Eg greier å provosere nokre når eg seier at mange frukostblandingar er dessert - ikkje frukost.
Ein detalj har dotte ut i år.  Dei siste åra har eg vist skilnaden på jus og nektar. Eg har drege det så langt at eg seier at eg ikkje kan forstå kvifor folk kjøper nektar i det heile tatt.  Då betaler ein dyrt for sukkervatn! Og jus smakar mykje friskare og betre!

I år fann eg ikkje ein einaste nektarkartong på Prix!  Det einaste som kunne likne, var ein fruktdrikk med 80% jus og 20% vatn.  Men den er no sunn nok.  Kvifor folk kjøper den i stadenfor å kjøpe ein billegare jus og vatne ut t.d. med isbitar, er ei anna sak. (Før nokon legg inn protest: Eg har sett nektar i andre butikkar i billege merke.)

Ein får gle seg over det som er positivt.  Dessverre er brussalet på veg opp att i Norge, så her er ein jobb å gjere ...

P.S.
For ordens skuld vil eg berre presisere at eg anbefaler ikkje jus som tørstedrikk.  Eit glas jus kan gå inn som ei av dei to fruktene ein bør ete i "Fem om dagen".

1 kommentar:

  1. Kloke ord om ernæring!
    Godt at du fann ei god bok til ungdommane :-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...