søndag 30. oktober 2011

Årets lengste dag

 Eg liker ikkje vintertid!  Ikkje fordi eg ikkje liker å få ein ekstra time ein søndag i oktober.  Ein ekstra time kan ein vel tenkje seg kvar einaste søndag? Eg er ingen morgonfugl, så eg kan godt tenke meg å stå opp seinare.  Men det eg ikkje liker, er at det vert så tidleg mørkt.  Det er ikkje dagslys uansett når eg går på jobb, men på heimvegen kan eg få det nokre dagar til.

Blogglesarane får seie kva dei meiner i meiningsmålinga til høgre.

I dag inviterte eg journalisten på middag halv to, noko som ikkje vart så tidleg som det høyrest ut, før han køyrde til Molde for å dekke kampen der.  Neste søndag skal han dekkje cupfinalen.  Det høver vel godt at den kampen er lagt til farsdag ...  Menyen i dag var ikkje så spennande: Svinekotelettar og hermetisk frukt til dessert.  Meir gamaldags kan det vel ikkje bli.
 Med tidleg middag rakk eg ein tur rundt vatnet før det vart mørkt. Det bles litt, men elles var det fint ver.  Som de ser, skal vi få stig langs elva frå sentrum heilt fram til golfbana, Rotary står for dette.  Eg gler meg til å kunne gå på denne vegen i staden for langs hovudvegen.

4 kommentarer:

  1. Eg må berre korrigere litt. Vi har ikkje "vintertid" no-men NORMALTID. No er sola i sør klokka 12.00 og alt er som det skal. Så spørs det om vi kunne vere villige til å begynne dagen ein time før? Det blir no det samme som "sommartid"- men det følest annleis.

    SvarSlett
  2. Meiner vi lærte at tida ligg midt mellom ... ?
    Gi meg lysare kveldar både sommar og vinter!

    SvarSlett
  3. Vart mørkare ja..
    Oss må vel berre bøye oss for det staten bestemmer, eller? ;-)

    SvarSlett
  4. Ja, men eg er med på eit "opprør". Det må vere betre for flytrafikk og anna, skulle ein tru.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...