søndag 23. oktober 2011

Vott med lappeteppemønster

 I går festa eg trådane på desse vottane.  No skal eg ha ein strikkepause, trur eg. Kor lang den blir, vil tida vise.
 Eg var litt usikker på om eg likte manskjettane på desse vottane, så eg valde å lage holmønster.  Det var mykje brukt på damevottar.
Også i dette mønsteret hadde det snike seg inn ein feil.  Elles så er der ikkje mønster til baksida av tommelen, så det må ein finne ut av sjølv.  Eg synest eg har fått det bra til, men "beint" vert det ikkje.

Om de ikkje har gjort det før, kan de halde fram å stemme på den finaste votten nokre dagar til.

2 kommentarer:

  1. Kjempefine vottar! Når du går tom for mønster, har eg fleire. Selbumønster blir for krevjande for meg-eg held meg til lester. Dei kan eg strikke i søvne om det står på.

    SvarSlett
  2. Mønster har eg nok av, spesielt eit fin, men krevjande. Må vente på motivasjon ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...