mandag 26. februar 2018

Bok 6: Velkommen hjem


En sensommerdag får Magdalena Hansson invitasjon til jublieumstreff med sin gamle klasse. De skal spise, hygge seg og gå spøkelsesvandring i skogen. Akkurat som de gjorde i niende klasse. Men kvelden utvikler seg i en tragisk retning. En av festdeltakerne blir funnet myrdet. Dagen etter blir enda en person fra klassen funnet død på Hotell Monica. Hva er motivet, og finnes det flere i klassen som er i fare?

Dei som har følgt bloggen min ei stund, har nok fått med seg litteratursmaken min.  Eg er ikkje så glad i krim der det vert for mange skildringar av daglegliv. For meg vert det utanomsnakk.  Denne romanen manglar og det eg kallar X-faktor. 

Derfor må eg seie meg einig i det eg skreiv om ein annan roman av forfattaren her.

lørdag 24. februar 2018

Bok 5: Historia om det tapte barnet

Ei kraftfull avslutning på historia om eit livslangt vennskap. 

«Historia om det tapte barnet» er den fengslande historia om to kvinner, den briljante, boklærde Elena og den lidenskaplege, ubereknelege Lila. Begge er no vaksne og har store dramatiske hendingar i livet bak seg. Begge slost ein gong for å komme seg vekk frå strøket der dei vaks opp - eit nabolag prega av vald og ufridom. Elena har gifta seg, flytta til Firenze, stifta familie og gitt ut fleire kritikarroste bøker. Men no har ho komme tilbake til Napoli for å vere saman med mannen ho alltid har elska. Lila, derimot, har aldri lykkast med å frigjere seg frå Napoli. Ho har blitt ein suksessrik bedriftseigar, men nærkontakten med den verda ho alltid har tatt avstand frå, set ho på prøve. Men Lila er ustoppeleg, uregjerleg, uforgløymeleg! 

Med Napoli som bakteppe, ein by like forførande som han er farleg, i ei verd i dramatisk endring, er historia om eit livslangt vennskap fortald djupt ærleg og med ein briljans som saknar sidestykke. 

Dei fire binda i denne serien utgjer ei lang og eineståande historie som lesarane vil vende tilbake til igjen og igjen, og som Elena og Lila sjølve vil dei kvar gong oppdage nye ting. 

Den fjerde og avsluttande boka i Napoli-kvartetten stadfestar attesten New York Times har gitt forfattaren Elena Ferrante: «ein av vår tids største romanforfattarar».



Vi slit litt med nettet for tida. Vi trøystar oss med at Tussa fiber er på gang. Sist eg skulle skrive om denne romanen, måtte eg berre gi opp.

Det er berre ein ting å seie: Sterkt anbefalt!  Ei må sjølvsagt lese heile kvartetten.

mandag 19. februar 2018

Vinterferie

Førre veke var eg på Gardermoen på konferanse. Då vi landa utbraut ei jente med begeistring på ålesundsdualekt: "E de snø her?". 

Vi har ikkje snø, men i dag har vi hatt nydeleg vinterver. 

mandag 12. februar 2018

Mot lysare tider

 
Det nærmar seg vinterferie. I dag let eg refleksvesten ligge heime.  Det var ganske lyst fram mot åtte då eg gjekk heimanfra.  Eg plar merke meg lyset kvar måndag.  No er det 14 dagar til neste måndag.  Då kan vi vel vente oss vår.  I dag har det kome ny snø hos oss.  På nyheitene høyrer vi om to dødsulykker i trafikken her i nærheita. Den eine staden køyrer eg fram og tilbake ein gong i veka.

søndag 11. februar 2018

Mine fine


 
 Eg er så heldig å vere mor til desse fire fine. Borna er no frå 20 til 30 år gamle. Eg har ei i vest, ein i aust og ein i nord og ein i nærleiken. To av dei har vore på besøk i helga. Alle har det bra der dei er, og det er det viktigaste.

Morsdag har eg eit heilt avslappa forhold til.  Det er aldri feil å gi mor blomster!

Gratulerer med dagen alle mødrer!

torsdag 8. februar 2018

Runddans av Wiola

Denne kofta strikka eg til meg sjølv i haust. I går kom eg på at eg ikkje har vist henne fram på bloggen.  Mønsteret var i Familien, og det kom reklame for det i lang tid i førevegen.   Då det endeleg kom, vart eg skuffa forde eg hadde trudd at den var i Finull.  Peer Gynt er noko tjukt, synest eg.  Men no har eg flytta inn i kofta. Tynnare plagg vert for lite varme.

Kristin Wiola Ødegård er min favorittdesignar.  Eg gler meg til neste bok der eg reknar med dette mønsteret også får plass.

onsdag 7. februar 2018

Så kom snøen!

I går såg eg på nyheitene at det var mykje snø i Sør-Noreg. Ikkje hos oss! Her var det berre marker! I dag vakna vi til kvite marker. Og det har lava ned.

Så får vi sjå kor lenge snøen ligg...

tirsdag 6. februar 2018

Bok 4: Mannen som jaget sin egen skygge




Lisbeth tar fengselsdommen med knusende ro. For henne er det like greit å lese og jobbe med kvanteteorier i fengselet som noe annet sted. Men Benito, fengselets gjengleder og verste innsatte, får henne ut av likevekt.
Benito
Fengselsbetjenten Alvar pleide å si at det fantes noe godt i alle forbrytere. Men det fantes ikke noe godt i Benito, og det var tross alt mange som hadde lett - elskere, elskerinner, advokater, terapeuter og rettspsykiatere, og til og med et par prester. Opprinnelig het hun Beatrice, men så valgte hun å kalle seg selv opp etter Mussolini. Gang på gang mishandler Benito en ung kvinne fra Bangladesh. Fengselsledelsen er åpenbart i lomma på henne, for de gjør ingenting for å stanse overgrepene. Til slutt går Lisbeth imellom, slik bare hun kan. Benitos posisjon i fengselet svekkes, og Lisbeth har skaffet seg en hissig fiende. Når hun kommer ut, må hun finne en måte å håndtere de økende truslene fra Benito på.

Ikke akkurat Lyckliga gatan
Lisbeth får besøk av sin tidligere verge, Holger Palmgren. Han har fått tak i dokumenter som kaster et nytt lys over myndighetenes overgrep mot henne da hun var barn. Holger hadde fått besøk av en kvinne som hadde vært sekretær på St. Stefans barnepsykiatriske klinikk, der Lisbeth hadde vært innlagt som barn. Da Lisbeth nevner en kvinne med fødselsmerke, spør Holger om ikke hun kom fra Registeret for studier av genetikk og miljø. Lisbeth ber Mikael Blomkvist om hjelp til å følge sporene videre. De viser seg å peke mot en svært rik finansmann, Leo Mannheimer. Hva har Lisbeths barndom med denne rike finansmannen å gjøre? I Mannen som jaget sin egen skygge får vi endelig vite litt mer om Lisbeths bakgrunn.

Eventyrlig suksess
Stieg Larssons Millennium-bøker slo ned som en bombe i den internasjonale krimlitteraturen. De hadde alle de viktige elementene på plass: En handlekraftig og intelligent heltinne med tilhørighet på den mørke siden, en helt som holder sannhetens fakkel høyt og representerer det ordnede og inkluderende samfunnet. Ingen hadde tidligere søkt inn i psyken til de ulike karakterene på en like overbevisende måte. Da David Lagercrantz fikk det ærefulle oppdraget med å videreføre serien, ble det tatt imot med stor skepsis.

Ny giv
Heldigvis blåste han all tvil av banen med Det som ikke dreper oss. Han skriver med respekt og overskudd, og vi lesere vil mer enn gjerne lese mer om Lisbeth og Mikael. Her hjemme var motstanden aller størst, til og med striere enn i Sverige - men selv her måtte både anmeldere og lesere gi seg over: David Lagercrantz skriver fletta av de aller fleste, og vi vil jo så gjerne lese mer om Lisbeth Salander og Mikael Blomkvist. «Mer enn godkjent,» skrev anmelderen i Bergens Tidende. USA Today puster lettet ut: «Vår punkete hackervenninnne er i gode hender.». Nå er det altså bare for leserne å lene seg tilbake og nyte. Mannen som jaget sin egen skygge er enda tettere og bedre enn Det som ikke dreper oss. Og Lisbeth har ikke blitt tammere med åra - snarere tvert imot ...


Eg likte denne femte boka om Lisbeth Salander godt.  Den er spennande og har god driv i seg.  Elementet med tvillingar som er skilde ved fødselen, gjer at ein kan filosofere litt.  Om dette er stor krimlitteratur er eg meir usikker på, men underhaldningverdien er stor.

mandag 5. februar 2018

Mors kofte

Mor mi held heile familein med tjukkelestar.  I haust begynte ho å snakke om at ho ville strikke seg ei oransje jakke.  Eg skaffa henne garn og mønster, og så lova eg henne å montere den. Blogglesarane kjenner kanskje att Vendelamønsteret.

Førre helg gjorde eg monteringsarbeidet.  Etterpå vaska eg jakka for hand og tørka den på badgolvet på ein handduk.  Knappane er alltid prikken over i-en. Eg er glad i tinnknappar.

No håper eg at jakka vert mykje brukt!

søndag 4. februar 2018

Piggsko

Førre onsdag fekk eg nokre fæle smerter i høgre legg.  Eg vakna om natta av krampar, og så fekk eg krampar når eg reiste meg frå stolen. Mannen meinte det ikkje kunne vere strekk, for då skulle eg ikkje greie å gå.   Frøkna stilte diagnose på telefonen: Nummeret før strekk.

Det einaste eg kunne kome på var at eg heldt på å gli og ramle tysdagskvelden, men greidde meg akkurat. Då må det ha rykka godt i høgrefoten i nestenfallet. 

Både mannen og to av gutane, dei som spring vinterløp, har skaffa seg piggsko til vinterbruk.  Det same har nokre av turvenninnene.  Så då mor mi og eg kika litt i butikkar fredag, og eg kom frampå eit par i rett storleik, slo eg til!

No er det ikkje så mykje is på vegane. Men i dag ville eg begynne å gå dei inn.  Rotarystien var derimot islagt.  Der gjekk det fint å fote seg med piggsko.  Ein kan gå mykje meir naturleg og avslappa. Ein må berre legge av seg at broddar og piggsko er for gamlingar... Dei finst i mange utformingar!

I nyheitene no såg eg akkurat at det er mange beinbrot.  Piggsko er ei smart investering! 

Det får bli dagens reklame.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...