fredag 17. desember 2010

Vaniljepudding

I dag laga vi ein gammal klassikar på skulekjøkenet, nemleg vaniljepudding.  Oppskrifta fann eg i Ingrid Espelid si "Velkommen til mitt kjøkken - 20 år i fjernsynskjøkkenet", og så har eg tilpassa ho skulekjøkenet.  Denne desserten høver godt å lage når ein har eggeplommer til overs.

Elevane startar med å lage raud saus.  Vi brukte H-mjølk i dag.



Raud saus

¾ dl raud saft
1 ¼ vatn
1 ts potetmjøl

  1. Bland alt kaldt saman i panna.  Rør til det kokar opp.
  1. Hell sausen i ein mugge.

Vaniljepudding

5 dl mjølk
3 ms maisenna

1 eggeplomme
1 ms sukker
1 ½ ts vaniljesukker

  1. Bland mjølk og maisenna i ei teflon- eller aluminiumspanne.
  1. Visp saman eggeplomme, sukker og vaniljesukker i ei skål.
  1. Kok opp mjølk/maisenna.  Rør  til det kokar opp, og lat det koke eit par minutt.
  1. Ta ”grauten” til side og rør inn egg/sukker/vaniljesukker.
  1. Hell puddingen i ei skål.  Set gjerne skåla i vassbad til nedkjøling.
(Skålene på skulekjøkenet toler dette, men ver forsiktig heime, ei krystallskål vil sprekke.)

(Ein kan ikkje bruke metallreiskap når ein kokar puddingar med egg i aluminiumspanner.)

4 kommentarer:

  1. Dette vart eg verkeleg freista av!

    SvarSlett
  2. No har eg prøvd oppskrifta - dobbel porsjon var passeleg til familien her. Eg må innrømme at eg godt kunne ha tenkt meg meir vaniljesmak, og kanskje fleire eggeplommer òg... Ferdigkjøpt jordbærsaus fungerte heilt fint.

    SvarSlett
  3. Mandlar og mandeldråpar vil gi mandelpudding. Eg hadde fleire eggeplommer i min. Her må ein finne sin eigen formel.

    SvarSlett
  4. I like it when people get together and share views. Great website

    កាលេងប្រដាល់ថែ​ ​​

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...