mandag 12. desember 2011

Naudhjelpa har nådd fram

 Siste smørnytt på Sunnmøre er at no har det kome smør til bya, nærare bestemt Coop Obs Moa.  For alt eg veit, kan det ha kome ut på landet også.  Men i dag tok vi den årlege handleturen til kjøpesentra i bya rett etter jobb.
Smålåten som eg er, tenkte eg at eg ville berre ha ein pakke. Det var ikkje så mange pakkane som låg der.  Angra gjorde eg ganske raskt då eg kom på at det hadde vore godt med Mor Monsen. Mi oppskrift er på 500 g smør.  Ja, ja eg kan no berre spe på med litt Bremykt om det då ikkje allereie ligg smør i alle butikkar.

Han som var med meg, forstod ikkje problemet.  Hyllene er no fulle av smør!

6 kommentarer:

  1. Eg fann Tine sitt SMØR i dag!
    Såg dette smøret også, men valet falt på det trauste ;-)

    SvarSlett
  2. Då vert det vel jul i år og! ;-)

    SvarSlett
  3. Synest du var veldig beskjeden. Eg tok to halvkilo+ 1 beger. Korfor skal eg vere beskjeden når andre meskar seg. Tenkjer eg.

    SvarSlett
  4. Som sunnmøring satsar eg på norske smørprisar ...

    SvarSlett
  5. Ser på Dagsrevyen at smør frå utlandet har vore på glattisen også.
    Eidabesta

    SvarSlett
  6. Dei har det nok morosamt på nordmenn si bekostning!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...