fredag 30. desember 2011

Hals og eit spørsmål

 Eg har strikka ferdig ein hals i kashmir alpakka.  Frøkna stilte som modell.  Eg trur den kan bli god å ha på tysdagsturane når det er skikkeleg kaldt!
Eg har fått smaken på å ha eit enkelt strikketøy tilgjengeleg ved TV-stolen.  Strikking er ein fin måte å halde seg vaken på.  No har eg bestilt meg tråd til eit nytt prosjekt.  Men den kjem nok ikkje før etter nyttår.  Ein av karane her orda frampå om ei hue.  I dag kjøpte eg tråd, men ikkje oppskrift.  Kan nokon seie meg kor mange masker eg bør legge opp i to rette og to vrange til dømes? Der står pinnar nr 7, men ein kan vel bruke 6 også?  Eg kan sjølvsagt rekne dette ut sjølv, men om nokon har erfaring, så hadde det vore greitt!  Det er så kjedeleg å rekke opp att...

4 kommentarer:

  1. Det var ein flott hals! Skikkeleg luksugarn også.
    Alfa er eit fint garn til huer. Det var det garnet eg eigentleg skulle ha hatt til huene eg strikka før jul. I mønsteret står det at ein skal legge opp 84 m på pinne nr. 6. Etter vrangborda skal ein fell til 80. Strikk til hua er 24 cm før felling.

    SvarSlett
  2. Takk skal du ha! Då prøver eg med det!

    SvarSlett
  3. Når det gjeld luksusgarn; I oppskrifta stod det 2 nøste. Det forstod eg ikkje stemte. Eg felte av etter 9 nøster og 9 mønster. I oppskrifta stod 11, men då tenkte eg den måtte bli bra stor og tung (og dyr!)

    SvarSlett
  4. Mamma lure på om du he oppskrift på dinne halsen... då kan ej kanskje få mej en, ej også ;)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...