søndag 11. desember 2011

3. søndag i advent

Det er frøkna som har dekka bordet i dag .  Leksa i mat og helse var å lese om borddekking og servering - og å dekke eit fint bord.
 I går kveld tok eg opp ein raus pakke med kveiteskiver.  Vil eg ha gjengen her til å ete mest muleg fisk, omnsbakar eg fisken.  Eg begynner med å dele opp grønsaker.
 Så legg eg fisken oppå grønsakene, krydrar med salt og pepar, eller fiskekrydder om du har, og skjer nokre smørskiver med ostehøvel.  Eg spanderte av smørstykket mitt, det som eg har att frå før krisa, som no nærmar seg 100 g.
 Eg dekkjer så med folie og let fisken stå på 225 grader.  I dag var fisken kald, så det tok ein time.
 I dag kokte eg mandelpoteter til.
Om ikkje så lenge skal jula spelast inn.  Frøkna spelar i skulekorpset.

Eg laga ei svørt enkel og god fruktkake i dag.  Eg har funne min vri på Brasiliansk fruktkake.  Eg synest det er greit med ein viss storleik på porsjonane, for å seie det slik.

1 kommentar:

  1. Det vart ovnssteikt fisk her òg i dag. godt med fisk innimellom all julematen!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...