tirsdag 27. desember 2011

Lestepuff

 Vi fekk mykje fint til jul.  Nokre av gåvene kan nok kome til å dukke opp på bloggen etter kvart.  Men nokon full presentasjon vert det ikkje.
Eg synest lestepuffen frå mor mi fortener litt merksemd.  Ho har strikka store mengder lestar utan å vise dei fram på bloggen sin.  Vi undra oss litt over fasongen på denne pakken.  Kva hadde far min funne på no slags original innpakking?  Så viste det seg å vere ein puff med mange tjukkelestar i. Desse har ho har strikka i haust.  Systera mi sin familie fekk sameleis. Nokre av para vart teke i bruk med ein gong.  No veit alle i familien kvar dei skal finne seg tjukkelestar når dei treng det!
Denne gåva fekk sjusovaren i familien av eine broren sin.  Denne vekkarklokka lagar skikkelege ulydar, og som om det ikkje er nok, så legg ho på vandring om ein ikkje slår ho av!

1 kommentar:

  1. Gløymde å seie at lestane ikkje nødvendigvis er par om dei er strikka av same slags garn. Dei som er par har heilt likt mønster!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...