søndag 4. desember 2011

Bok 59: Satelittmenneskene

Denne boka fekk eg anbefalt - og lånt - av ein krimkompis.  Kan karakteriserte det som ein god gamaldags krim.  Det kan eg skrive under på!
Forfattaren seier også i etterordet at han har Agata Christie som førebilete.

Krimgåta er todelt.  Det skjer eit mord i eit såkalla lukka rom på slutten av 60-talet.  Men mordgåta har og forgreiningar attende til krigen.

Detektiven er politibetjent og han rådfører seg med den funksjonshemma Patricia. Saman løyser dei gåta.

Språket i boka står til tida.  Det er herleg gamaldags.  Samtidig er forfattaren slagferdig.  Som kjent set eg pris på godt språk.

Eg har planar om å få tak i den første boka i serien.

Eitt lite minus går til forlaget: Her er for mange elementære kommafeil!  Det ergrar ein stakkars norsklærar midt i ein retteperiode.  Skal ein ha leseflyt, må teiknsetjinga vere god, meiner no eg.

5 kommentarer:

  1. Eg har lese Lahlums første kriminalroman"Menneskefluene" for ei god stung sidan-men altså i 2011. Eg måtte konsultere bloggen for å finne ut kva eg meinte. Og min karakteristikk er slett ikkje ulik den du har gitt denne boka.

    SvarSlett
  2. Såg eit tv-program med denne forfattaren, Dama til? Snodig, men klok fyr, las at han er Noreg sitt svar på Mr. Bean, sitat Thomas Gjertsen. Kan tenkje meg at han skriv gammalmodig, ja. Blei faktisk nyskjerrig på denne boka.
    Elin
    som framleis ikkje får til å kommentere deg via google-kontoen min...

    SvarSlett
  3. Det er berre å vere "Anonym", eg veit ikkje råd, dessverre. Fekk ikkje med meg det programmet, men skal sjå det om det kjem i reprise.

    SvarSlett
  4. No kjem eg på kven Lahlum minte meg om i det programmet, jau sjølvaste Elling..... Ikkje noko A4-type ditta.
    Elin.
    http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/802829/

    SvarSlett
  5. Dette skal eg sjå! Takk for tips!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...