mandag 5. desember 2011

Den store kjærleiken

Så har vi kome til Sigrid Undset i pensum i år og.  Samtidig ser eg at bøndene har avslutta haustjakta på den store kjærleiken.  Eg har stort sett gått etter vegane medan programma har gått i haust.  Men i dag kika eg innom.  Det heile verka veldig tamt, synest eg.  Var det ingen klaff i år? Der sit ein bonde og må ha tenkepause.  Han vil verken seie ja eller nei.  Dei fleste forstår vel at det er eit nei?

I år er eg spent på elevane si meining om Kristin Lavransdatter.  Dei likte Romeo og Julie, så der skulle vel vere håp.  I dag såg vi berre starten.  Ein må stoppe opp og forklare, slik at det høver best å sjå den i bolkar, trur eg.  Vi har gjort forskjellig frå år til år.

Filmen kan sjåast og tolkast på ulike plan.  Fru Åshild seier til dømes at den som har drukke opp ølet og vinen, må leve på surmjølk og saup (eit ord ein godt kan lære i desse smørmangeltider). Ein må kanskje vere vaksen for å forstå kva ho meiner?

Kristin veit kven ho vil ha, og ho sårar mange på sin veg.  Om att og om att let eg meg fascinere av denne middelalderromanen/filmen. Eg har vel skrive eit blogginnlegg kvart år om trilogien.  I fjor gjorde eg alvor av å lese om att alle tre romanane.  Dette er noko eg vil anbefale alle å gjere!

7 kommentarer:

  1. Må med "skam" vedgå at eg aldri er blitt hekta på denne triologien, uvisst kvifor. Såg filmen då han var ny, tykte han var laaaang. Bøkene bør nok stå på bør-lese-lista mi. Nett no held eg på med 30 dager i Sandefjord, forsåvidt interessant lesnad det og.
    Elin.

    SvarSlett
  2. Det er nok mange som synest filmen er lang. Eg kunne ha tenkt meg to til... Synest Husfrue og Korset skulle ha vore filma snarast med same skodespelarane!

    SvarSlett
  3. Eg las heile triligien då eg var i 20-åra, og det var ei så stor leseoppleving at eg vegrar meg for å lese den om att og kanskje bli skuffa.Trur nok at eg ville forstått dei to siste bøkene mykje betre no, eigentlig.

    SvarSlett
  4. Ja, for du sit med mykje meir kunnskap om mange ting.

    SvarSlett
  5. Elles måtte eg forklare frøkna her kve "Kirsten giftekniv" er. Det er vel eit utdøyande omgrep.

    SvarSlett
  6. Eg vart ikkje hekta då eg las bøkene som 20-åring, men filmen bruker eg ofte. Elevane plar like den, og eg gjer som du; viser noko, og forklarar når det er nødvendig eller føremålsteneleg. Eg las oppatt bøkene, inspirert av deg, og det var verkeleg ei god leseoppleving. Filmen fokuserer meir på det romantiske idealet, medan bøkene er meir tvitydige.

    SvarSlett
  7. Kristin grubla vel meir i bøkene slik ein og ser for seg at Sigrid Unset måtte ha grubla over sine eigne val. Ein ser parallellar. Sigrid Undset skilde seg og vart katolikk, i omvent rekkjefølgje(?), som kjent.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...