søndag 4. desember 2011

2. søndag i advent

 I dag var det mørkt då vi åt middag klokka tre.  Om det er snø eller regn i lufta akkurat no, er eg usikker på.
 Dagens duk er den halve resten frå førre helg.  Vi kan faktisk ha ein duk liggande på bordet her i huset for tida.  Serviettane var ein rest frå eit anna år.
På Coop sel dei 3x3 sviblar for 69 kroner - eller du kan kjøpe ei svibelpotte og to andre produkt.  Eg trudde dei var kvite sidan dei står i ei kvit potte, men der stod ein lapp med blå sviblar på.  Dei er no fine utan å blomstre!

Menyen i dag var tradisjonell norsk kost med blomkål- og brokkolisuppe og svinekotelettar.  Det var inga stemning for dessert, men dei som ville ha ein julemann eller fleire til kaffien, fekk det.

Elles har eg lagt vekt på å late meg i dag, eller kose seg om ein vil.  Eg er midt i ei papirutgåve av ei krimbok og veit kor vanskeleg det er å legge frå seg når ein har passert to tredjedelar.  Så her må ein setje av tid!

I kveld er det lysmesse med konfirmantane i kyrkja.  Frøkna har øvd med Ten Sing både i går og i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...