tirsdag 27. desember 2011

2. juledag

 I går samla vi oss trdisjonen tru i Ørsta i går. Mamma serverte nydeleg gryterett, kakebord til dessert og kveldsmat seinare.
 Jentene i nye klede.
 Eit par av gutane.
Rundstykke etter Gunda si oppskrift forma som eit juletre.

På veg innover såg vi ein del av øydeleggingane etter stormen.  På Eidet lag mange rotvelta tre.  Det er vel naturen sin måte å kvitte seg med dei gamle på.  Mange av dei skulle ha vore vekke for lenge sidan.  Dei skygger for utsikta, og i verste fall går dei ut over trafikksikkerheita.  Nokre står og for nær liner.  Rett før Helgehorntunnelen såg det ut som det hadde vore ekstra sterk vind.  Der hadde grantrea brote av på midten som fyrstikker.  Det vert nok mykje oppryddingsarbeid etter dette uveret.

Då vi kom heim om kvelden, var straumen vekke på heile øya, berre med unntak av Eiksund.  Men vi var betre budde enn kvelden før.  Vi kokte kaffivatn på omnen til presskannekaffi.  Øystein hadde lada PC-en sin slik at vi kunne sjå DVD. Straumen hadde vore vekke frå fire/seksten, fekk vi vite. Då vi stod opp, var han komen att.  Nokon ny runde er vi ikkje motiverte for!

2 kommentarer:

  1. Kjekt med slike dagar der ein samlast.
    Vi skal på kalkunmiddag hjå systå mi i kveld.
    Vonar straumen ikkje dett vekk igjen..

    Ynskjer dokke fortsatt gode romjulsdagar!

    SvarSlett
  2. I Ørsta hadde dei helsigvis. Systra mi er ekstra uheldig, for der kjem vatnet frå brønn med elektrisk pumpe ...

    Ønskjer dykk og ei god romjul - med straum!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...