lørdag 3. desember 2011

God helg!

Vi er inne i ei travel tid der alt skal skje. Det er øvingshelgar og nattcupar for dei yngste og ulikt arbeid for oss vaksne.  Bildet er frå i går.  I dag har vi ikkje hatt fotolys ute. Snøen har regna vekk.

Nokre av blogglesarane lurer kanskje på kvifor eg berre la ut ein video frå YouTube i går og stakk?  Eg for på den årlege festen i Utdanningsforbundet.  Det er alltid kjekt med god mat og underhaldning.  I år var det berre ein hake ved det heile: Eg skulle vere ein del av underhaldninga ... De kjenner kanskje konseptet med 10 spørsmål frå sitt eige liv med to deltakarar?

Så må ein finne nokre lygehistorier.  Eg fann ut at eg måtte rappe frå klassekameratar til dømes.  Ei av jentene i klassa mi hadde suksess i gymgarderoben med si historie om då ho såg ein artist i berre underbuksa. Ho hadde sommarjobb på eit hotell.  Ja, ja, eg syntest eg kom frå det heile heilt greitt.

I dag har eg heller ikkje sete i ro, sjølv om eg ikkje har fått gjort så mykje.  Det er slik med husarbeid generelt og rydding spesielt, at det viser best når det ikkje vert gjort.  Eg har kome igang med nokre julegåver.  Akkurat no driv ungdomane og bakar julemannar. Eg laga deigen til dei.  Oslostudenten kjem vel heim ut i neste veke, og då er det no kjekt å ha litt å by på til kaffien!

4 kommentarer:

  1. "Det er slik med husarbeid generelt og rydding spesielt, at det viser best når det ikkje vert gjort."
    Heilt enig!
    Så flott tunika du har laga!

    God Adventshelg :-)

    SvarSlett
  2. Hei. såg du hadde lese boka "vi skal arve vinden" av gunnar staalesen. då lurte eg på om du kunne hjelpe meg med å finne temaet og bodskapen? du skjønnar eg skal analysere boka

    SvarSlett
  3. Eg skal analysere boka "va skal arve vinden" av gunnar staalesen og i den forbindelse har eg litt problem med tema og bodskap. kunne du ha hjelpt meg?

    SvarSlett
  4. Eg må innrømme at eg tenkjer ikkje så mykje på tema og bodskap når eg les krim. Men forfattarane peiker gjerne på altuelle samfunnsspørsmål/problem. Her er det vel både miljøsak og kommunepolitikk i tillegg til personlege tragediar!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...